Hopp til innhold

Fire år etter brannen har valet falt på ny kyrkje

Nå har Karmøy kirkelig fellesråd bestemt seg for ny kyrkje på Kopervik. Valet falt på «Skipet» til Arkitektgruppen lille frøen. Sjå bilete av den nye kyrkja her.

Kopervik kirke

28. mai 2010 brann Kopervik kyrkje. Kyrkja blei totalskadd og måtte rivast.

Foto: Tor André Johannessen

Karmøy kirkelig fellesråd gjekk i går kveld for tilrådinga til juryen og plankomiteen for ny kyrkje i Kopervik. «Skipet» er teikna av arkitektkontoret Arkitektgruppen lille frøen i Oslo. Fire andre arkitektkontor var med i konkurransen.

Målet er at den nye kyrkja står klar i 2016, seks år etter den gamle kyrkja blei totalskadd i brann 28. mai 2010. Det var ugrasfjerning med gassbrennar var årsaka til at Karmøy-kyrkja tok fyr, og blei totalskadd. (Sjå video frå brannen lengre nede)

– Dette er ein stor milepæl for Kopervik, seier kyrkjeverje Marta Lunde Medhaug.

– Folk er positive

– For min del er eg svært glad på Kopervik sine vegne. Det har blitt uttrykt at folk ville ha ei ny kyrkje som ser ut som ei kyrkje, og det har dei fått. Mange har også ønska seg ei arbeidskyrkje og dette har me også fått med ein kyrkjedel, ein aktivitetsdel og ein kontordel. Også er det også gledeleg at me får bevara båre- og reiskapshuset, som står att etter brannen, Medhaug.

Ho fortel at folk i Kopervik er svært positive til valet av ny kyrkje. Då dei melde ifrå om at dei trengde folk til ulike grupper som skal gjera dugnad for den nye kyrkja melde 40–50 mann seg sporenstreks.

Den nye kyrkja blir ei forlenging av den gamle kyrkjetomta. Medan den gamle kyrkja låg aust-vest, går den nye ligg sør-nord.

– Likevel er sjølve kyrkjerommet aust-vest, seier Medhaug.

Video Kirkebrannen på Kopervik

►SJÅ VIDEO: Dette nyheitsinnslaget blei sendt 28. mai 2010.

Mange poeng

I juryrapporten blir det understreka at «Skipet» skil seg ut frå dei andre, og blir vurdert som ein klar vinnar av konkurransen. «Skipet» fekk 92,4 av 100 moglege poeng, medan dei to utkasta på delt andreplass fekk 59,7 poeng.

Stein Sole i Arkitektgruppen lille frøen er svært nøgd med at valet falt på deira forslag.

– Me har prøvd å tegna ei moderne kyrkje som tilpassar seg dagens krav, samstundes som den skal bera med seg ein fortid, vera ein tradisjonsberar vidare, seier Sole til NRK.no.

Ein byggekomite utnemnd av Karmøy kirkelig fellesråd overtar nå prosjektet.

For å få pengar til prosjektet blir Kopervik ungdoms- og alderssenter, som ligg like ved branntomta, seld.

– Her er me allereie i dialog med aktuelle kjøparar, og mykje kan tyda på at ein avtale er i hamn i løpet av året.

Oversikt over kyrkja
Fasade på ny kyrkje
Foto: ARKITEKTGRUPPEN LILLE FRØEN