Hopp til innhold

Den nye kyrkja i Kopervik er innvia

Sju år etter at den gamle kyrkja i Kopervik blei totalskadd i ein brann, blei den nye kyrkja i dag teken i bruk.

Kopervik kirke innendørs

Det var fullt i Kopervik kyrkje under gudstenesta i dag.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Denne dagen har vore heilt fantastisk, ikkje berre for Kopervik kyrkjelyd, men for heile Karmøy kommune, seier ordførar i Karmøy, Jarle Nilsen.

Han var blant dei mange som deltok på gudstenesta i den nye kyrkja i Kopervik i dag.

– Når me ser det store oppmøtet, og kor mykje det betyr for så mange, så er det eit veldig stort startskot for eit godt arbeid i Kopervik kyrkjelyd, seier Nilsen.

Sju år utan kyrkje

Det var stor sorg i Kopervik 28. mai 2010. Folk måtte stå og sjå på at kyrkja vart totalskadd i ein brann.

I etterkant var det mykje diskusjon om kva slags kyrkje dei skulle bygge opp att, men i 2014 falt Karmøy kirkelig fellesråd på valet av «Skipet» til Arkitektgruppen vesle frøen.

Den nye kyrkja i Kopervik har teke 19 månadar å byggja, og har kosta 83 millionar kroner, men no er den endeleg klar.

Kopervik kirke

Den gamle kyrkja i Kopervik blei totalskadd i ein brann for sju år sidan.

Foto: Tor André Johannessen

Biskop Ivar Braut leia gudstenesta i dag, der kyrkja blei offisielt innvia.

– Det var høgtideleg. Ein blir varm om hjarta, og så pressar det litt på med kjensler, seier Braut.

– Eg tenkte på alle dei som har ei historia knytt til kyrkja, og som måtte oppleva at den gamle kyrkja brann.

– Har blitt veldig fint

For dei som bur i Kopervik, og som møtte opp på gudstenesta i dag, er det stort å endeleg ha ei ny kyrkje å gå til.

– Eg syns den har blitt veldig fin, seier Jorunn Sætre.

– Det er eit fantastisk resultat, seier Nils Hovden.

Kopervik kirke

Slik ser den nye kyrkja i Kopervik ut frå utsida.

Foto: Thomas Halleland / NRK