Hopp til innhold

Ny etterlysing i Tina-saka

Politiet etterlyser nå denne mannen, som skal ha snakka med Tina Jørgensen like før ho forsvann i år 2000.

Bjørn Thorleif Vanvik

Bjørn Thorleif Vanvik, etterforskningsleiar i Tina Jørgensen-saka med den nylig frigitte fantomteikninga.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Tina Jørgensen

Tina Jørgensen blei funnen drepen ved Bore kyrkje i Klepp hausten i år 2000.

Foto: Politiet
Ny teikning i Tina-saka

Fredag ettermiddag gjekk politiet ut med ein ny teikning i drapssaka på Tina Jørgensen i år 2000.

Foto: Politiet

– Me har den siste tida konsentrert etterforskinga av Tina drapet opp mot dei siste rørslene hennar laurdagskveld, natt til sundag 24. september 2000, seier etterforskingsleiar i Tina-saka Bjørn Thorleif Vanvik.

I dag valde dei endå ein gong å gå ut med ein gamal fantomteikning, som ikkje tidlegare har vore offentleggjort i den 13 år gamle drapssaka på Tina Jørgensen.

Politiet opna etterforskinga på drapssaka i desember 2012, på grunn av mange tips.

– Teikninga er ikkje heilt fersk. Me har valt å gå ut med den fordi det kan gi oss informasjon i form av tips.

– Snakka normalt saman

Det er eit vitne som skal ha sett mannen på teikninga utanfor Burger King på Torget i Stavanger. Han har forklart at Tina Jørgensen stod og snakka med personen. Klokka hadde då passert 01.30, natt til sundag 24. september år 2000.

– Me er interessert i opplysningar som kan identifisera denne mannspersonen og me vil koma i kontakt med vedkomande, seier Vanvik.

Etterforskingsleiaren forklarer at mannen skal vera mellom 25 og 30 år, om lag 180 centimeter høg og normal kroppsbygning, kanskje litt kraftig overkropp. Jakka han hadde på seg er ein mørk brun skinnjakke, og dongeribukse.

– Dei skal ha snakka saman på ein normal måte, ikkje heftig eller ampert, ifølgje vitnet, seier Vanvik.

Skal koma med fleire bilete

Det var sist veke politiet publiserte ein annan teikning i Tina-saka. Erfaringane med dette har gjort at dei nå også går ut med denne.

– Sjølv om det har gått så lang tid som det nå har, ser me at når me går ut i media med fantomteikning eller ny informasjon genererer det tips. Det er heilt klart at det er mange som veit ting i denne saken.

I tillegg opplyser politiet at dei skal koma med fleire bilete av Tina Jørgensen, sidan dei som er brukt ikkje plent gjer eit korrekt bilete av korleis ho såg ut kvelden ho forsvann.

Politiet strekk seg med andre ord langt for å få inn nye tips, og Vanvik minner om at det meste er relevant.

– Hugs at opplysningar du kanskje vurderer som irrelevant kan vera det som skal til for å løysa saka. Me tar alle førespurnader seriøst, og alle førespurnader me får blir vurdert.

LYD: Vanvik om den nye teikninga

Bjørn Thorleif Vanvik om ny Tina-tegning.

Bjørn Thorleif Vanvik om ny Tina-tegning