Blir det ny etappesiger for Kristoff?

Etappe nummer tre i sykkelrittet Tour des Fjords er i gang. Sjå video frå målområdet før målgang.

I Forsand er arrangementsjef, Steinar Håland og ordførar Ole Tom Guse, i full gang med å stella i stand til folkefest timar før syklistane kjem i mål.

I Forsand er arrangementsjef, Steinar Håland og ordførar Ole Tom Guse, i full gang med å stella i stand til folkefest timar før syklistane kjem i mål.

Sola skin og forholda er perfekte før dagens etappe i Tour des Fjords mellom Hjelmeland og Forsand. Alexander Kristoff, som leiar rittet, satsar på solfaktor 20 og ny etappesiger.

– Eg både gruar og gler meg til dagens etappe. Det blir veldig hardt, spesielt i starten, men det er hardt heile dagen. Me må prøva å halda laget samla og jobba saman, ingen store grupper må få gå av garde, så får me sjå om andre lag er klar for å hjelpa oss med ein etappesiger etter kvart, sa Kristoff til NRK.no like før startskotet gjekk.

Samanlagtsiger viktigare enn etappesiger

Stavangermannen, som syklar for russiske Katjusja, er glad for å vera tilbake i Rogaland.

Artikkelen held fram under biletet.

Tour des Fjords, tredje etappe

Ryttarane på startstreken i Hjemleland klokka 13.45.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK
Tour des Fjords i Forsand

Steinar Håland og ordførar Ole Tom Guse.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK
Alexander Kristoff

Alexander Kristoff etter etappesigeren i går.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Det var mykje liv her i fjord, så eg gler meg til å koma meg ut i løypa, seier han.

Sjølv om Kristoff ønsker seg ein ny etappesiger, innrømmer han at det ikkje er det aller viktigaste i dag.

– Først og fremst konsentrerer oss om samanlagtresultatet. Så viss eit det kjem eit ufarleg brot prøver me ikkje å køyra det inn, då konsentrerer me oss heller om samanlagten, og går for etappesiger i Stavanger. Men om høve skulle by seg, skal me sjølvsagt kjempa om å koma først over mållinja, seier han.

Når dagens etappe er over står det att to etappar av Tour des Fjords.

Alt klar til målgang

I Forsand er arrangementsjef, Steinar Håland og ordførar Ole Tom Guse, i full gang med å stella i stand til folkefest timar før syklistane kjem i mål.

– Dette er ein kjempedugnad der alle er med, ein folkefest med flott natur, flott vêr og fleire tusen ute i løypene, seier ordføraren, som er i gang med å montera gjerde.

Han håper at all merksemda vil slå ut positivt for regionen.