Braut isolasjonsvilkåra, opplyste ikkje om symptom

VINDAFJORD (NRK): 120 arbeidarar ved verftet Westcon i Ølen er i dag testa, etter at ein innleigd arbeidar ikkje heldt isolasjonen han var sett i.

Oljeplattformen i Ølen

Her på Westcon i Ølensvåg fryktar de spreiing av koronaviruset etter at ein arbeidar ikkje heldt den pålagde isolasjonen.

Foto: Brennpunkt / NRK

– Dette er kjempealvorleg. Fleire bedrifter er ramma her nå, seier fungerande ordførar i Vindafjord, Tove Elise Madland.

Tove Elise Madland

Tove Elise Madland er uroleg for smitteauken i kommunen hennar.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Kommunen med knappe 9000 innbyggjarar er hardt ramma av koronapandemien.

Heile 400 personar er nå i karantene og i dag kom det melding om ti nye smittetilfelle. Ifølgje ordføraren slit dei ofte med å finna smittekjelda.

120 testa ved verftet

Ved Westcon i Ølen har dei drive massetesting i dag.

– Me har testa 120 personar etter at ein innleigd arbeidar braut isolasjonsvilkåra for tidleg. Han hadde symptom som han ikkje hadde opplyst arbeidsgjevaren om, seier personalsjef Gunnlaug Habbestad.

Den utanlandske arbeidaren er sett i ny isolasjon og blir følgd opp av helsepersonell.

Dei håpar å få svar på testane fredag.

Stengde slakteriet

Fleire andre bedrifter er ifølgje kommunen også ramma, mellom anna slakteriet til Nortura med 60 tilsette der tre arbeidarar har test positivt.

– All drift er stoppa, men me får god hjelp frå andre Nortura-fabrikkar til å slakta det som må slaktast. I tillegg er bøndene hjelpsame med å utsetja slakt av dyr, seier fabrikksjef på Nortura på Sandeid Brit Randi Stokkevåg.

Det er tre personar som har blitt smitta, dei jobbar i det same området i fabrikken.

– Me skal testa alle i fabrikken for å vera sikre på at me er smittefrie når me startar opp att, seier Stokkevåg.

Ho kan ennå ikkje seia noko om når dei kan opna igjen.

15 smitta på omsorgssenter

Ifølgje FHI har kommunen hatt 44 smitta sidan pandemien starta. Dei fleste tilfella har kome den siste tida.

Dei siste dagane har det blitt meldt om smitte på sjukeheimen Vindafjordtunet, og akkurat nå er det femten tilsette og bebuarar som er smitta.

– Dette er ein krevjande situasjon sidan det er snakk om eldre som ofte har ein underliggjande sjukdom, seier fungerande ordførar, Tove Elise Madland.

Barnehagar og skular blei drifta på raudt nivå til og med tysdag. Frå onsdag er dei som ikkje er råka av smitte tilbake på gult nivå. I tillegg er idrett og aktivitet for barn og unge stengt ned. Alle typar arrangement er stoppa.

– Me må nå stengja ned mest mogleg aktivitet og på den måten prøva å stoppa dette, seier ho.

Kommunen har på grunn av situasjonen sett opp eit nytt telt i Ølen med to testlinjer. Dei skriv også i ei pressemelding at dei innan kort tid vil ta i bruk digital bestilling av testar.

Testtelt i Vindafjord

Dette teltet har nå blitt sett opp på Ølen i Vindafjord. Onsdag ettermiddag var allereie pågangen stor.

Foto: Thomas Halleland / NRK