Hopp til innhold

Christl (27) og 1300 andre fekk avlyst behandlingstur. NRF etterlyser erstatning

Norsk Revmatikerforbund (NRF) lurer på kvar pengane frå avlyste behandlingsreisene har gått, og kvifor pasientane ikkje har fått styrka rehabilitering i Noreg.

Christl Ellingsen

Christl Ellingsen sin sjukdom gjer smerter i hofte og rygg, og tappar ho for energi. Ho saknar eit godt erstatningstilbod i Noreg etter at utanlandsopphaldet vart avlyst.

Foto: Martin Mortensen / NRK

– Pengane som ikkje går til behandlingsreise burde blitt brukt til å styrke rehabiliteringa i Noreg. Me lurer på kva politikarane har gjort med dette beløpet, seier Gry Jorunn Holmen i Norsk Revmatikerforbund.

Rundt 1300 nordmenn med ulike kroniske sjukdomar har i vår fått avlyst behandlingsreisa si til utlandet på grunn av koronapandemien.

Christl Ellingsen (27) er ei av dei. Ho har diagnosen ankyloserende spondylitt, ein revmatisk sjukdom ho må ha resten av livet. I vår skulle ho på ein utsett behandlingstur til Montenegro, som så vart avlyst. Det har ho forståing for, men har sakna ei oppreising og eit tilbod om noko tilsvarande i Noreg.

– Det å miste noko som har dokumentert effekt på plager, utan ei form for erstatningstilbod i Noreg, gjer det nok vanskeleg for veldig mange no. Det har vore tøft å ikkje få noko hjelp til å tilarbeide og meistre sjukdomen, seier Ellingsen som tilfeldig fann ut at Diakonhjemmet i Oslo kunne tilby ho rehabilitering.

God plass i Noreg

Fleire lokallag for revmatisme tilbyr hot yoga og basseng med varmt vatn, men eit betre tilbod er sakna.

Gry Jorunn Holmen, kommunikasjonssjef NRF

Mange klarer å halde seg i jobb fordi dei reiser ut eit par veker i året, så då burde dei få eit alternativ no, seier Gry Jorunn Holmen som er kommunikasjonssjef i Norsk Revmatikerforbund.

Foto: privat

– Dei kan uansett ikkje få same gjennomgåande varme som i Syden, men profesjonell trening og behandling kunne ha hjelpt folk å halde ut eit år, seier Holmen.

Ho skulle ønskje at dei som skulle ha reist automatisk vart vist til eit alternativt tilbod.

For alternative tilbod finst. Og sjølv om rundt 800 pasientar med revmatisme står utan behandlingsreise i vår, så er det langt ifrå fullt på behandlingssentera rundt omkring i landet.

Eit av dei er Vikersund Bad Rehabiliteringssenter.

– Me får ikkje fylt rammeavtalen vår. Når kronikarar ikkje får den informasjonen dei treng så er eg redd det vil gå utover livskvaliteten deira, seier Rune Stangjordet-Eger som er kvalitets- og samhandlingsleiar ved Vikersund Bad.

Forstår utfordringa

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen, skriv i ein e-post til NRK at fordi ein del helsepersonell har vore sjuke eller i karantene, har anna helsepersonell måtta ta på seg nye oppgåver.

– Det er ein av grunnane til at me har løyvt mange milliardar kroner i ekstraløyve til helse- og omsorgstenester under pandemien. Samstundes ser me at det likevel har vore avgrensa personellressursar til å etablere nye, mellombelse tilbod, seier Erlandsen.

Anne Grethe Erlandsen

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Anne Grethe Erlandsen forstår at avlyste behandlingsreiser kan vere utfordrande, men at dei fleste har eit tilbod der dei bur.

Foto: GURO LANGEHAUG GRØNN / NRK

Ho spesifiserer ikkje kvar pengane frå årets 1300 avlyste behandlingsreiser har gått. Det kjem heller ikkje konkret svar på kvifor pasientane ikkje har fått informasjon om relevante tilbod i Noreg.

– Ein av mange uheldige følgjer av pandemihandteringa me står i, er at mange behandlingstilbod i periodar dessverre har hatt redusert kapasitet eller har vore heilt stengt, seier Erlandsen.

No håper Ellingsen at ho får reise på behandlingsreise til hausten. Men ho er nøydd til å søkje på ny, og det er ikkje gitt at ho får same tilbod igjen.

– Eg er sliten heile tida, og det er vanskeleg å få tid til å ta vare på seg sjølv. Behandlingsreisa skulle vere mi tid til å gjere det. Eg er ung og har lyst til å vere i arbeidslivet så lenge som mogleg, seier Ellingsen.

Christl Ellingsen

Mange kan risikere å ikkje få tilbod om behandlingsreise neste år, seier Christl Ellingsen som sjølv har revmatisme.

Foto: Martin Mortensen / NRK