Hopp til innhold

Koronavinteren har gjort hudsjukdomar verre for mange – Helle tyr til eigne triks

Folk med hudsjukdommar får verken behandlingsreise til varmare strok eller private sydenturar. Helle Vestby Talmo tyr til bomull, vinyl og ull for å ta vare på hendene sine.

Helle Vestby Talmo

Helle Vestby Talmo er sentralstyremedlem i psoriasis- og eksemforbundet. Her er ho i gong med den daglege rutinen for å halde huda fuktig.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er nok mange som slit no. Det er ingenting som svarer til det tilbodet me har. Huda har god effekt av både varmen og saltvatn, seier Pär-Arne Pajunen.

Han er sjukepleiefagleg rådgjevar ved Oslo universitetssjukehus, og jobbar med behandlingsreiser. 1300 nordmenn hadde fått innvilga tur til varmare strøk i vår, men dei er førebels avlyst fram til sommaren.

Varme, fuktig luft og sollys dempar hudplager og hudsjukdomar som psoriasis og atopisk eksem. Derfor har det vore ein ekstra vanskeleg vinter heime i Noreg med kulderekordar.

Marianne Kolnes

Marianne Kolnes bruker kortisonkrem, mandelolje og ein tjukk krem mot psoriasisen. I tillegg slappar ho av med å måle.

Foto: Marie Håland / NRK

Ein av dei som ikkje får dra på Statens behandlingsreiser er Marianne Kolnes. Ho har hatt psoriasis sidan ho var ni månader gammal, og brukt behandlingsreiser sidan ho var 17.

– Det er eit stor sakn. Du blir eit nytt menneske etter ei slik reise. Det går utover psyken, og eg blir uroleg i kroppen, seier Kolnes.

Fordi ho veit at ho ikkje skal reise i vår, har hudsjukdomen blitt verre. Stress kan nemleg utløyse psoriasis.

– Det er desidert behandlingsreisa med varme, trening og læring som fungerer best, seier Kolnes som håper på at ho får reise til hausten.

Verre symptom i år

Ved hudavdelinga på Stavanger universitetssjukehus har dei merka at færre har teke turen til varmare strøk.

Dr. Inger Marie Skoie ved hudavdelingen. Stavanger universitetssjukehus sin lysterapiavdeling

Seksjonsoverlege ved hudavdelinga, Inger Marie Skoie, med ein av lysterapimaskinene på hudavdelinga.

Foto: Marie Håland / NRK

– Symptoma har vore verre for pasientar i år fordi dei ikkje har fått sol og varme. Det er mange som kan oppleve forverring av kroniske hudsjukdomar i vinterhalvåret som til dømes rosacea, kuldeurtikaria, psoriasis og eksem, seier seksjonsoverlege Inger Marie Skoie.

Kald og tørr luft fører til at huda tørkar ut, medan solstrålar er immundempande på huda, forklarer Skoie. På avdelinga tilbyr dei lysterapi, som er ein behandlingsform til pasientar med moderat til alvorleg psoriasis og eksem.

– Det er stor pågang med pasientar til lysavsnittet, seier Skoie.

Held huda i sjakk med triks

Helle Vestby Talmo har atopisk eksem, og får ikkje behandlingsreise av staten. Ho plar å dra på årleg familietur til Spania for å få lindrande varme, men på grunn av koronapandemien går ikkje det i år. Det har vore slitsamt både fysisk og psykisk, synest ho.

Atopisk eksem Helle Vestby Talmo

Slik kan huda til Helle Vestby Tale sjå ut.

Foto: privat

– Du blir fanga i kroppen din. Kulda og hyppig bruk av handsprit har vore veldig tøff på huda. Me er ikkje så vande med den kulda som har vore i år, og det er ikkje så lett å regulere varmen i hendene, seier Talmo.

Ein kan ikkje trylle til seg eit Sydenklima, men Talmo har likevel eit godt triks som har hjelpt hennar hud.

Først smørjar ho hendene med ein krem med mykje fukt, for så å ha på bomullshanskar, vinylhanskar og ullvottar til slutt. Biologisk medisin har også vist å ha god effekt på henne.

Helle Vestby Talmo har atopisk eksem

Ein god krem og to par hanskar har vist å ha god effekt på Helle Vestby Talmo sin atopiske eksem.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Og det er godt at det finst triks og medisinar som kan hjelpe, fordi det tek nok enno ei stund før Talmo, Kolnes og andre med kronisk sjukdom får kjenne på den lindrande varmen.

– Det er viktig med dugnad, men eg skulle ønskje me kunne blitt meir prioritert. Me som er kronikarar har eit anna behov i botn, seier Talmo.

Helle Vestby Talmo har atopisk eksem

Med mykje fukt og medisinen Dupixent klarer Helle Vestby Talmo å halde ut i kulda.

Foto: Thomas Halleland / NRK