- Vi sprakk fullstendig tre minutt før slutt, i det som til då var ein jamn kamp, seier lagleiar Henrik Holm.
- Det begynte godt med veldig spektakulære mål, og vi var i føring fram til 4-3 før austerrikarane gjekk opp til 6-4. Så hadde vi kjempesjanse med straffespark, samstundes som Austerrike fekk utvisning, men den sjansen utnytta vi ikkje, seier Holm.
Då Austerrike gjekk opp til 8-5 sprakk bobla, og kampen enda 12-5, seier Holm.
Laurdag møter Noreg Sveits og søndag står Belgia for tur. Noreg ligg ennå sterkt an i kvalifiseringa til EM.
- Sveits ligg eit poeng framfor oss, og vi ligg fem poeng framfor Austerrike og Belgia, så vi ligg godt an, seier Holm.
No må laget nullstilla seg framfor kampen mot Austerrike.
- Eg sa til spelarane at no trykker vi control, alt og delete framfor neste kamp, seier Holm.