Hopp til innhold

Glenn har spart 10.000 meir under korona

STAVANGER (NRK): Kundane til Sparebank 1 SR-Bank hadde i snitt 17.000 kroner meir på konto i april enn for eitt år sidan. Til saman kan nordmenn ha spart svimlande summar.

Glenn Knudsen

SPARER PENGAR: Glenn Knudsen i Stavanger har til saman spart 10.000 kroner ekstra i koronamånadane mars og april. Her på bytur med sonen Liam Nordbø Knudsen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er mindre å bruka pengar på, så eg har spart meir denne perioden enn vanlegvis, seier lærar og småbarnsfar Glenn Knudsen i Stavanger.

Knudsen fortel at han til saman har spart 10.000 kroner meir i koronamånadane mars og april enn vanlegvis.

– Sidan verda har stoppa litt opp, er det eit veldig godt tidspunkt å spara litt ekstra på, meiner småbarnsfaren.

Og han er ikkje åleine om å spara i korona-tider.

Korona-stengt fører til sparing

Kundane til Sparebank 1 SR-Bank har i snitt hatt 17.000 kroner meir på bankkontoane sine i april samanlikna med same månad i fjor, viser ein fersk analyse frå banken.

Desse 17.000 kronene fordeler seg i snitt slik på banken sine kontogrupper:

  • BSU (bustadsparing for ungdom): 6000 kr.
  • Lønnskonto: 3500 kr.
  • Tradisjonelle sparekontoar: 7500 kr.

Med stengde tenester som frisørar og restaurantar har ikkje folk kunna brukt pengar som vanleg i april, og då hopar pengane seg opp, ifølge banken.

– Samstundes aukar nok ein del kundar sparinga fordi dei er redde for framtida, seier sparespesialist Maren Stangeland Oftedal i SR-Bank.

Avdragsfrie lån, nedgang i bustadlånsrentene og reduserte barnehagerekningar bidrar også til at folk kan spara meir, ifølge Oftedal.

Kan ha spart 22 milliardar på landsbasis

Noregs største bank, DNB, melder det same: Bankkundane har meir på konto og bruker mindre på kredittkort i koronatider.

Innskota på bruks- og sparekontoane til DNB-kundane auka med 13.400 kroner i mars, samanlikna med same månad i fjor.

Dersom SR-Bank sin analyse er representativ for alle bankar, har norske bankkundar auka innskota på bruks- og sparekontoane sine med 22 milliardar kroner førre månad, samanlikna med april i fjor.

Maren Stangeland Oftedal

IKKJE BERRE BRA: Sparing er bra, men det er ikkje bra for økonomien at «ingen» brukar pengar, ifølgje Maren Stangeland Oftedal i SR-Bank.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Og det er vanlege arbeidstakarar som sparer mest, ifølge banken.

– Er det godt eller dårleg nytt at me har meir pengar på konto, slik banken ser det?

– På den eine sida er det bra for kundane at dei blir meir robuste i koronakrisa. Men på den andre sida er det negativt for den norske økonomien at kundar ikkje brukar pengar, seier Stangeland Oftedal i SR-Bank.

– Forbruket må ned

Ho seier banken nå ser tendensar til at folk i større grad bruker pengar etter at forbruket gjekk ned med 25 prosent på det meste.

Dette gjeld spesielt innan frisør- og velværebransjen som har opna opp igjen, i tillegg til restaurantar.

Men forbruket vårt må ned, meiner sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen.

Thomas Hylland Eriksen

Thomas Hylland Eriksen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I ein kronikk i NRK Ytring skriv han at «krisen kan gi en anledning til å velge det langsommere livet der det er andre verdier enn arbeid og forbruk som er avgjørende.»

– Men me skal vera merksame på at det har sin pris å ta ned forbruket. Me må finna løysingar for dei delane av økonomien det går dårlegare med og arbeidstakarar som får mindre å gjera, seier Eriksen.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg