Hopp til innhold

Nordmann arrestert på flukt i Filippinene

I januar vart 52-åringen dømt til sju år og seks månadar fengsle for dødsvald mot storebroren. I april rømte han til Manila.

Hellvik

15. oktober 2016 fekk politiet melding om funn av ein blodig og livlaus person (52). Politiet gjekk fort til arrestasjon av ein person. Det var broren (51) til avdøde.

Foto: Mathias Oppedal

Sist veke vart han arrestert i Santa Crus Laguna på Filippinene, etter å ha blitt etterlyst av norsk politi.

Rogalendingen meiner sjølv at han fekk lov av norske styresmakter å reisa på ferie til Filippinane, mens han ventar på ankebehandlinga av saka i lagmannsretten.

Mannen har jamleg besøkt Filippinene dei siste tjuve åra, på grunn av at han er gift og har to born med ei filippinsk kvinne.

I eit innlegg til filippinske aviser på Facebook, skriv han at han fekk pass utlevert av politiet i Noreg i januar i år. Han legger også ved kopi av passet som viser at det blei delt ut av Sør-Vest politidistrikt 12. januar.

– Eg melde frå til myndigheitene om at eg ville reisa på ferie med barn og kone. Familien ønskjer å bu i Filippinene fram til ny rettssak, slik at borna kan lære seg filippinsk språk, skriv han.

Han meiner no at norsk politi øydelegge for familien hans.

Det var i 2016 mannen vart tiltalt for knivdrap på broren. Han erkjente ikkje straffskyld og hevda sjølv å ha handla i nødverje.

– Unndrar seg straffeforfølging

Politiadvokat Thale Thomseth er ikkje samd i at han hadde tillating til å reisa utanlands av politiet.

I løpet av våren har dei fått konkrete informasjon som viser at han prøver å unndra seg straffeforfølging.

– Dei opplysningane me har fått er kommen inn uavhengig av kvarandre. Dei gav vidare grunnlag for at påtalemyndigheitene har vurderte det slik at han vil unndra seg straff, seier politiadvokaten.

Politiet vil ikkje uttale seg om kva opplysningar dei har som har ført til arrestasjonen på Filippinane.

Krimteknikere i Hellvik

Han blei dømt i Dalane tingrett, etter at storebroren døde på Hellvik i Rogaland.

Foto: Mari Friestad / NRK

Kvifor vart ikkje passet hans inndratt?

– Det er eit godt spørsmål. No i ettertid kan ein vurdere det annleis og tenke passe burde blitt inndratt. Men då dommen kom var det ingenting som tyda på at han ville unndra seg straff.

Mannen er norsk statsborgar. Busett i Noreg og han har born i norsk skule.

Mannen vil i nær framtid bli transportert heim til Noreg, der det vil bli vurder om han skal bli sett i varetekt fram til ankeforhandlingane i lagmannsretten i oktober.

– Me ønsker han skal bli fengsla, for elles trur me at det er fare for at han vil prøve å unndra seg straff på ny.

Det er domstolen som bestemmer om han må i fengsel. Påtalemakta opplyser at dei ikkje vil sikta han for fluktforsøk per dags dato.