Hopp til innhold

No skal politiet slå ned på ulovleg kompiskøyring

Køyrer eller brukar du kompiskøyring? Det kan bli dyrt. Fire nye ord i yrkestransportlova gjev politiet ny makt i kampen mot pirattaxiverksemd.

kompiskjøring

PRIVATTAXI: I 2016 møtte NRK personar som organiserte privattaxi gjennom grupper på Facebook. Dette bilete er med sjåføren NRK snakka med den gongen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg oppfordra dei som køyrer ulovleg kompiskøyring til å slutta med det no, seier politibetjent Aleksander Naley i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet har dei siste åra meint at kompiskøyring er den nye måten å organisera pirattaxiverksemd på. Men det har lenge vore vanskeleg å slå ned på.

I alle fall heilt fram til 1. juli i år. Då vart det nemleg lagt til fire nye ord i I yrkestransportloven paragraf 4, og det hjelper politiet.

LES OGSÅ: Uber vil rekruttera frå lukka facebook-grupper

I lova står det no:

«Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer.»

Aleksander Naley

GLAD FOR LOV ENDRING: Med den nye lovendringa vert det enklare for politibetjent Aleksander Naley i Sør-Vest politidistrikt å stopp dei som køyrer privattaxi.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

– Det er fleire grunnar til at me skal slå ned på dette. Det er svart arbeid. Men det er og slik at dei ikkje har løyve eller vandelsattest, seier politibetjent Aleksander Naley.

Blir du tatt for pirattaxikøyring, vil den første bota bli på mellom 10.000 og 15.000 kroner. I tillegg blir bilen avskilta i tre månadar.

Politiet legg til at det ikkje er ulovleg å køyre vener og kjenningar. Det blir først ulovleg når ein ikkje har eit fellestransportbehov, og betalinga overstig ein viss sum av utgiftene på turen.

– Rein pirattaxiverksemd

Ifølgje Norges Taxiforbund er det rundt 420.000 medlemmar i kompiskøyring-grupper på landsbasis, og etter eit kjapt søk på Facebook kjem det opp to grupper med over 20.000 medlemmar kvar, berre i Rogaland.

– Det er ikkje eit taxiproblem. Dette er eit samfunnsproblem, seier Morten Eriksen, fylkesleiar i Norges Taxiforbund avdeling Rogaland.

Morten Eriksen

NOK ER NOK: Norges Taxiforbund er klar på at politiet må slå hardt ned på pirattaxiverksemd. Her representert ved Morten Eriksen, fylkesleiar i Norges Taxiforbund avdeling Rogaland.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

Kvart år vert det unndrege kring ein halv milliard kroner i skatt som ei følge av kompiskøyring, viser utrekningar gjort av Norges Taxiforbund.

Politiet må med den nye lovendringa slå hardt ned på pirattaxiverksemd, meiner Morten Eriksen.

– Dette er ei «snill» utrekning. Me merker at dei opererer i ein marknad som me ikkje har ein sjanse til å konkurrera mot. Me må betala moms, skatt og det som er, seier Eriksen.

LES OGSÅ: – Dette er uten tvil ulovlig virksomhet

Greitt med litt ekstra i lommeboka

NRK tok kontakt med ei som tilbyr kompiskøyring på Facebook. Ho ønskjer å vera anonym.

– Eg køyrer eit par helgar i månaden. Det varierer litt kor mykje eg tenar. Men alt frå 3000–6000 kroner, seier dama som er medlem av Facebook-gruppa «Kompiskøyring Stavanger + Sandnes, Nord-Jæren».

Ho starta med å køyra venninner, men etter kvart fann ho ut at ho like gjerne kunne ta litt betalt for det.

Skjermdump frå Facebook

LETT Å FINNA: Det er ikkje vanskeleg å finna grupper på Facebook.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Kvinna fortel at ho er redd for politiet, og at ho faktisk har blitt stoppa fleire gonger.

– Eg har hatt hjarta i halsen kvar gong, men det har alltid gått fint.

Sjåføren trur at mange vel denne ordninga fordi taxiprisane i Noreg er alt for høge.

– Ein student har ikkje råd til å ta taxi for 600 kroner heim om natta etter ein tur byen. Buss er alltid det beste alternativet, men han går ikkje alltid når du treng han.

NRK var med politiet ut på jakt etter personar som køyrer ulovleg kompiskøyring. Sjå video under:

I sosiale medium har grupper som tilbyr kompiskøyring vakse seg store over heile landet. Men no skal ei ny skjerping av lova setta ein stoppar for dette. På tide meinar Norges Taxiforbund.

I sosiale medium har grupper som tilbyr kompiskøyring vakse seg store over heile landet. Men no skal ei ny skjerping av lova setta ein stoppar for dette. På tide meinar Norges Taxiforbund.