Vel 1 300 personer har klaga på at dei har fått tilleggsavgift.
Nord-Jæren Bompengeselskap sende i fjor ut krav om tilleggsavgift til 31.000 bilførarar.
Helge Edland er ein av bilførarane som har prøvd å klaga på tilleggsgebyr han meiner er feil.
- Eg har fått fem fakturaer, eg har klagt på samtlege fordi dei er feil. Den første av dei har eg klaga på i allefall 20 gongar, seier Edland. Han meiner han blir straffa fordi det har vore feil ved bomautomatane.
- Bildet som vert tatt viser berre bilen din, om du har trykt feil og ikkje har kvittering har du ingen bevis. Det same om automaten er tom for papir og du ikkje får kvittering, seier Edland, og legg til at det har skjedd med han i fleire tilfelle.
Nord-Jæren Bompengeselskap opplyser at dersom ein bompengeautomat er tom for papir, skal bilistene trykka på assistanseknappen, og dermed få kontakt med ein person som fortel kva ein skal gjera. Derfor er det ikke god nok unskyldning at det ikke kommer kvittering ut av automaten.
Helge Edland meiner likevel at bompengeselskapet på denne måten vil tvinga alle til å kjøpa abbonementesbrikke.
Få klager
Leiinga i Nord-Jæren Bompengeselskap viser til at det berre er fire prosent, altså vel 1 300 bilførarar som siste året har klaga på at dei er ilagt tilleggsavgift.
I løpet av eitt år har dei 48 bomstasjonene på Nord-Jæren 22 millionar passeringer. Bompengeselskpaet synes dei mottek forsvinnende få klager på dei 31.000 tilleggsavgiftene som er sendt ut.