Hopp til innhold

Næringsministeren oppfordrar til å handle lokalt og droppe netthandel

Nordmenn kjem til å legge igjen 122 milliardar kroner i julehandelen. Men desse kronene burde ein ikkje bruke på netthandel, meiner næringsministeren.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) på butikkhandel i Haugesund

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) er nøgd med å ha fiksa julegåver til tre personar allereie. Og alt er kjøpt lokalt i fødebyen Haugesund.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) er på julegåvehandel, noko mange nordmenn gjer i desse desemberdagane.

Og det er ein del pengar me legg igjen i november og desember.

– 122 milliardar kroner bruker me nordmenn på julehandel. Og me ser at netthandelen aukar veldig mykje, seier Vestre.

Hyggelegare bysentrum

Og akkurat dette synest ikkje næringsministeren er godt nytt. For når me først skal ut å handle, så er oppfordringa klar.

– Bruk dei lokale butikkane! Då blir det gode lokale tilbod og hyggelegare bysentrum. I tillegg støttar ein opp under lokalt næringsliv, seier han.

Ein av gåvene Vestre tar med seg heim blir kjøpt på Den Lille Bokbutikken i Haugesund sentrum. Her får han eiget stempel frå butikken på papirposen.

– Lokale butikkar har dedikerte folk, og dei brenn for kundane. Ingen nettbutikk kan tilby dette, seier Vestre og viser til stempelet.

Vekst i norske nettbutikkar

Leiar for handelspolitikk i Virke, Jarle Hammerstad, synest det er ein sympatisk oppfordring frå næringsministeren om å handle lokalt.

– Det er mange lokalbutikkar som treng det. Samstundes er det ikkje uvanleg å handle på nett, spesielt nå som det er smitteutfordringar. Me ser føre oss at det vil bli mykje netthandel akkurat som i fjor.

Jarle Hammerstad i Virke

Jarle Hammerstad er leiar for handelspolitikk i Virke, og ser positive sider med både lokalhandel og netthandel.

Foto: Lena Jarstad / NRK

Under pandemien i fjor var det 50 prosent vekst i netthandelen.

Det positive med auken er at det for det meste gjeld i norske butikkar, fortel Hammerstad.

– For nokre år sidan var veksten i utanlandske butikkar, men nå er det god vekst i dei norske. Det synest me er bra. Fleire av dei lokale butikkane er også på nett, og ein kan kombinere det med sal i butikkane.

– Ikkje same service på nett

Sjølv om tala seier at netthandelen aukar, så er det likevel mange kundar som vel å bruke dei lokale butikkane.

Ranveig Tvedt på handletur i Haugesund

Viss Ranveig Tvedt brukar netthandel, så er det gjennom klikk og hent som ho så hentar i dei fysiske butikkane.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Eg handlar ikkje på nett og bruker sjølv sentrum mykje, seier Ingunn Rasmussen som er på handletur i Haugesund.

Ho synest oppfordringa frå næringsministeren er kjempebra.

Det same synest Ranveig Tvedt.

– Det er viktig. Om me skal ha butikkane så må me bruke dei heile året. Servicen i sentrum er også veldig god, og slik service får ein ikkje på nett.

Ingunn Rasmussen på handletur i Haugesund

Ingunn Rasmussen på handletur i Haugesund.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Treffe folk er det viktigaste

Rune Vika som driv Den Lille Bokbutikken, synest oppfordringa frå næringsministeren er god. Sjølv synest han det å treffe folk er det viktigaste med jobben.

– Det er kjekt å prate med kvarandre. Så kan eg få tips av dei, og dei kan få tips frå meg, seier Vika.

Rune Vika i Den Lille Bokbutikken i Haugesund

Rune Vika driv Den Lille Bokbutikken i Haugesund og er glad når folk vel å handle lokalt.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Også Stein Olsen som driv bakeriet Lutchfood i Haugesund fekk besøk av ministeren torsdag. Han synest folk er flinke til å komme innom.

– Det er klart det er viktig. Her kjem mange innom på besøk, og me er nøgd. Eg trur det blir ei travel tid framover, seier Olsen

Vestre meiner det er viktig å heie på eldsjelene, som til dømes Vika og Olsen.

– Dei satsar og investerer og er med på å bygge Noreg. Dei fortener at me legg inn pengar her. Dette er samfunnsbygging i høg klasse.