Hopp til innhold

– Det er forferdeleg, teit og stygt. Dei prøvar berre å gjera seg tøffe

– Stay away from Purified in blood, seier musikkbloggar Lars Magnus Eltervaag Kristensen (10). No har bloggen hans fått stor merksemd, og bandet har lest vurderinga hans.

– Eg er nok litt over snittet oppteken av musikk, seier ti år gamle Lars Magnus Eltervaag Kristensen. Førre helg gav han nådelause musikkmeldingar til 19 konsertar i ein periode over tre dagar.

NÅDELAUS BLOGGAR: Lars Magnus Eltervaag Kristensen (10) seier det er viktig å vera dønn ærleg når ein meldar musikk. Ein kan ikkje tenka på kva artistane vil føla når dei les det.

– Dei syng ikkje, dei har ikkje tekstar, dei bare brølar. Det er alt for høgt, og det vert heilt feil. Eg seier «stay away from Purified in Blood». Dei fekk terningkast ein, seier Lars Magnus Eltervaag Kristensen.

Lars Magnus saman med LidoLido

Her treff Lars Magnus LidoLido under musikkfestivalen Rått og Råde i Stavanger.

Foto: Privat

Tiåringen har blitt ein svært populær kar etter at han la ut konsertmeldingar frå musikkfestivalen Rått og Råde, på bloggen sin, som har gått som ein farsott på sosiale medium.

Nådelaus konsertmeldar

Geir Zahl frå Kaizers Orchestra, festivalleiinga til RxR og musikkbloggar Øyvind Berekvam, er berre eit lite knippe av dei som har latt seg begeistra av den unge musikkmeldaren.

– Eg hadde ikkje venta all den merksemda, men det var utruleg kult. I løpet av berre ti minutt hadde eg fått heile hundre lesarar, og no har eg den 81. mest leste bloggen i Noreg, fortel tiåringen.

  • Sjå nokre av konsertmeldingane til Lars Magnus lenger nede i artikkelen.

– Skummelt at dei har lest kva eg meiner om dei

Ulempa med merksemda rundt bloggen er at Lars Magnus no veit at Purified in Blood har lest kva han meinar om musikken deira.

– Bandet har faktisk lest det eg har skevet på bloggen. Då eg fekk vite det vart eg litt redd, seier han.

Og han er ikkje nådig i sin kritikk av metallbandet frå Stavanger.

– Eg liker ikkje metall, det er teit når dei skal tøffa seg med høg lyd. Det er heilt forferdeleg, teit og stygt. De prøver bare å gjøre seg kule, seier Lars Magnus.

– De har jo mange folk som liker dei, så dei har ikkje behov for at eg skal lika dei, legg han til.

Droppa barnekonserten

På bloggen skriv han om sine tre svært aktive dagar på RxR.

Lars Magnus fekk med seg absolutt alle konsertar, utanom ein barnekonsert med Ove Rocketroll. Alle førestellingane har han meld og gitt terningkast.

Det er likevel eit heavy band han liker.

– Turbonegro er likevel bra, for dei har humor og det likar eg, seier den krasse kritikaren.

Kor normalt vil du sei det er at ein 10-åring går på alle konsertane og meldar dei?

– Det er nok ikkje heilt normalt. Eg vil tru eg var den yngste som var der, men eg var saman med far min på alle konsertane. Eg er nok litt over snittet oppteken av musikk, seier han.

Og han koste seg utan tvil på festivalen, på bloggen skriv han det best sjølv:

«Hvis jeg først skal feste så skal jeg virkelig feste og hvis jeg skal gjøre noe annet kult så skal jeg virkelig gjøre det kult. Musikken tar nesten hele dagen, så jeg har hørt det meste!»

(Artikkelen held fram under bilete.)

Publikum Motorpsycho

Publikum på Rått og Råde-festivalen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Ingen aviser med like god dekning

Musikkbloggar, og tidlegare kulturjournalist i Stavanger Aftenblad, Øyvind Berekvam, er imponert over alt Lars Magnus har fått med seg.

– Eg var sjølv berre to dagar på RxR og verken Stavanger Aftenbladet eller Rogalands Avis har dekt alt frå festivalen. Men det har Lars Magnus, og det er heilt strålande å lesa, seier Berekvam.

Øyvind Berekvam

Øyvind Berekvam meiner den viktigaste formidlinga av musikk ikkje lenger er gjennom dei etablerte kanalane, men til dømes gjennom bloggar på internett.

Foto: Magnus Stokka

Favorittomtalen hans er den Lars Magnus gjer Pet Shop Boys.

«Før jeg hørte Pet Shop Boys trodde jeg ikke at gamle folk kunne ha sans for musikk.»

– Det er fint at han lar oss gamle gjennomgå litt. Me treng unge stemmer, seier han.

Han meiner Lars Magnus skriv svært bra til å vera ti år.

– Han har tydelege meiningar, og skriv svært bra. All ære til dei som formidlar musikk, same kva kanal det skjer gjennom, seier han.

Verst og best

Høgdepunktet på RxR blei Pet Shop Boys for Lars Magnus.

«Terningkast 6, for et forrykende show! Når dansende legodamer med robothoder danser vilt i bakgrunnen av Pet Shop Boys så blir det bra! Med en gang jeg fikk høre at Pet Shop Boys skulle spille på RxR så visste jeg ingenting om dem. Men slik er det ikke må lenger. Jeg har virkelig fått helt sansen for dem. Før jeg hørte Pet Shop Boys trodde jeg ikke at gamle folk kunne ha sans for musikk. Jeg må få si at det er dritkult at Neil snakket litt norsk under konserten. Blant annet sa han: Hei, vi er Pet Shop Boys og Tusen takk! Og i tillegg til å showe så har de jo fantastisk bra musikk. "Suburbia", "Always On My Mind", "It's A Sin", "West End Girls", "Domino Dancing", "Go West", "New York City Boy" og "What Have I Done To Deserve This" er mine og sikkert mange andres favoritter. Neil stilte opp i mange "outfits" som smoking, og så tok han på seg kongeklær og latet som om han var den gamle kongen over Storbritannia.»

Nedtur blei det for han då Purified in Blood entra scena laurdag klokka ni.

«Terningkast 1, dette var ekstremt dårlig. Men som du kanskje har forstått så HATER jeg heavy metal / heavy rock. Du trenger ikke lure mer på om disse, for de er ingenting å bruke tiden deres på. Stay away from "Purified In Blood"!»

– Du kan vera krass i musikkmeldingane dine?

– Ja, men det er viktig å vera ærleg. Ein kan ikkje tenka på kva artistane vil føla når dei les det. Slik er det berre.

Kva er favorittsjangeren din?

– Pop, utan tvil. Favorittartisten er Michael Jackson.

– Kva vil du bli når du blir stor?

– Musikkjournalist, svarar Lars Magnus. Eit svar som på ingen måte er ei stor overrasking.