Hopp til innhold

Motgangen gjorde han til maratonmeister

Arne Olav Løvik (67) kan ikkje høyre, er nesten blind og slit med balansen. Likevel har han vore blant Noregs beste i maraton, og har ingen planar om å gi seg etter 40 år.

Arne Olav Løvik (5)

Det ligg mykje hardt arbeid bak Arne Olav Løvik sine prestasjonar. Han reknar at han har sprunge 250.000 kilometer i løpet av karrieren.

Foto: Erik Waage / NRK

På laurdag sprang Løvik Stavanger Marathon og markerte 40 år som løpar. På førehand hadde han eit håp om å springe på omkring fire timar.

Men det gjekk ikkje heilt etter planen.

– Eg overvurderte meg sjølv. Etter ti kilometer kjente eg at kroppen var veldig sliten. Men eg er nøgd med at eg klarte å gjennomføre, seier han, rett etter målgang i Stavanger sentrum.

Tida hans blei 5:33:56. No ser han framover til neste maraton, som blir New York Marathon seinare i haust.

Har snart sprunge 90 maraton

Arne Olav Løvik har snart sprunge i mål i 90 maraton – fleire av dei med tider i noregstoppen. Han har gjort det skarpt i OL og VM for funksjonshemma, og sprunge raskare enn mange funksjonsfriske.

Men utgangspunktet for å gjere det bra, var dramatisk annleis for døvblinde Løvik enn for folk flest.

Arne Olav Løvik (1)

Løvik følte han hadde mykje å bevise. Då tok han løpeskoa fatt.

Foto: Erik Waage / NRK

– I barndommen på Sunnmøre var fotball det beste eg visste. Likevel blei eg sitjande på reservebenken, sjølv om eg ofte trente meir enn dei andre.

– Eg var alltid den siste til å bli plukka ut til lag og konkurransar. Eg blei undervurdert, fortel han.

– No vil eg fortelje historia mi for å vise andre funksjonshemma at me kan.

Arne Olav Løvik (6)

Arne Olav spring ofte ein fast runde når han trener. Då treng kan ikkje følgjeperson for å finne fram.

Foto: Erik Waage / NRK

Motivert av nederlaga

Arne Olav likte idrett som barn, og etter skuffelsen i fotballen prøvde han å hevde seg i sykling. Men på grunn av det dårlege synet, falt og krasja han ofte.

Sykkelen blei totalvraka, og han måtte gi opp. No var det enno ein ting Arne Olav ikkje hadde fått til.

– Eg hadde behov for ei meistringskjensle. Eg ville vise folk at eg kunne klare det, seier Arne Olav.

Maraton blei neste mål, fordi han hadde god kondisjon – men ikkje minst fordi greina har høg status.

På eit tidspunkt trente Arne Olav rundt 38 timar i veka, altså like mykje som ei vanleg arbeidsveke. Og resultata byrja å vise seg:

02:34:03.

New York Marathon

Arne Olav har fast startplass i New York Marathon kvart år – også i år.

Foto: Erik Waage / NRK

Dette magiske talet sprang Arne Olav Stavanger Marathon på i 1984. Han tenkjer ofte på det enno.

– Eg kan jo eigentleg takke dei som plukka meg sist. Utan dei hadde eg nok ikkje hatt viljestyrken til å gjennomføre dette.

På laurdag er han klar for Stavanger Marathon, og 40-årsjubileum som løpar. Og billetten til New York Marathon i november er allereie bestilt.

Arne Olav Løvik (4)

Forma er såpass at Arne Olav håpar på gode tider under Stavanger Marathon.

Foto: Erik Waage / NRK

På høgd med Noregs raskaste

– Karrieren hans er veldig imponerande. Arne Olav har sprunge like fort som dei raskaste funksjonsfriske spring på i dag, seier Einar Søndeland, mangeårig friidrettsprofil og -arrangør i Rogaland.

Einar Søndeland

Einar Søndeland er imponert over Arne Olav Løvik sin innsats.

Foto: Mari Friestad / NRK

Søndeland meiner rekordtida frå 1984 er ekstra imponerande med tanke på alle klokker og andre hjelpemiddel ein kan bli god med i dag.

– Arne Olav er ein god løpar, som har halde høgt nivå heile karrieren, seier han.

– Han er ein profil i maratonmiljøet i regionen, men skulle fått ein enno meir sentral plass i løpet av desse åra. For det han gjer, er vanvitig bra, seier Søndeland.

Det har gått 40 år sidan stavangermannen Arne Olav hadde sitt første startnummer på brystet. No er han 67 år, og maratontidene er ikkje som dei ein gong var. I dette jubileumsåret håpar han å klokke inn på under fire timar.

Arne Olav Løvik (7)

Maratonløparen har ikkje tal på kor mange løpesko han eig. Journalisten talde 12 innan rekkevidd.

Foto: Erik Waage / NRK

Flere nyheter fra Rogaland