Tidlegare har foreldre varsla streik for ungane på grunn av det dei kallar ei rasering av skulen. No meiner SV at rådmannen må gå.
- No må dette få konsekvensar for nokon andre enn ungane. Det må få konsekvensar for den øvste leiaren, seier Stava. Han er både gruppeleiar for SV og tillitsvald for Skolenes Landsforbund. Den øvste administrative leiaren i kommunen er rådmann Arnt Mogstad.
Rådmannen foreslår ei tilleggsløyving på fire millionar kroner i skulen for å betra på ein del av problema. I tillegg foreslår rådmannen ei tilleggsløyving i barnehagane på 8,3 millionar kroner for å dekka inn for små løyvingar på årets budsjett. Men det er ikkje nok, meiner SV.
Han meiner at tala inneber at så mange som 80 personar må gå. 30 lærarar, 38 miljøarbeidarar og ti barnehagetilsette.
Derfor vil SV ha ei tilleggsløyving på 11,5 millionar kroner i skulen, altså langt meir enn det rådmannen foreslår.
Formannskapet i Karmøy skal behandla saka på måndag.
- Då må dei løyva ytterlegare 7,5 millionar kroner til skulen, og så må rådmann Arnt Mogstad ta sin hatt og gå, meiner Stava. Han ber altså formannskapet sei at dei ikkje har tillit til Mogstad lengre.
Rådmann Arnt Mogstad seier at politikarane står fritt til å kritisera rådmannen. Utover det vil han ikkje kommentera saka.