Fire oppdrettarar mister medlemskapen i Pelsdyralslaget etter at det er oppdaga svært kritikkverdig drift på gardane. Ein av bøndene eig 30.000 minkar.
Tre bønder frå Rogaland
Norges Pelsdyralslag er medlemsorganisasjonen til norske pelsdyroppdrettarar.
Ifølgje Nationen har organisasjonen fråteke fire pelsdyrbønder medlemskapen i organisasjonen, etter at det er oppdaga svært kritikkverdig drift på gardane.
Tre av pelsdyrbøndene held til i Rogaland og ein i Østfold.
Den største garden som må stengje, er ein minkfarm i Rogaland med 30.000 minkar.
- LES OGSÅ: Forbyr ikke pelsdyroppdrett
- LES OGSÅ: Reagerer sterkt på dokumentar om pelsdyr
Har ikkje rydda opp
– Alle dei fire har fått høve til å rydde opp. Det har ikkje skjedd, og vi har vedteke å ta frå bøndene medlemskapen. Som pelsdyrbonde er ein ansvarleg for at dyrevelferda er god. Dei aller fleste driv forsvarleg, men det er nokre få som øydelegg for resten, seier kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag til avisa.
Ekskludering frå Pelsdyralslaget betyr at viktige medlemsfordelar forsvinn.
Blant anna får ikkje bøndene lenger medlemspris på for. Dei vil heller ikkje få omsett skinna på internasjonale auksjonar og mister forsikringsordningar.
Vedtaket kan ankast.