Hopp til innhold

Mistanke om tekniske problem på Norwegian-fly – måtte landa i Madrid

Eit Norwegian-fly med 165 passasjerar som skulle frå Alicante til Stavanger i dag måtte snu og landa i Madrid på grunn av mistanke om tekniske problem.

Et Boeing 737-800- fly som tilhører Norwegian

Flyet måtte gjera ei såkalla tryggleikslanding klokka 08.59 i Madrid.

Foto: Johan Nilsson / TT / NTB scanpix

– Me jobbar nå med å finna ut om det er tekniske feil på flyet, seier informasjonsrådgjevar i Norwegian, Tonje Næss, til NRK.

Det var Stavanger Aftenblad som først skreiv om Norwegian-flyet som skulle frå Alicante i Spania til Stavanger lufthamn i dag, men som snudde og landa i Madrid klokka 08.59 norsk tid.

– Me fekk ein indikasjon på ein teknisk feil om bord, kapteinen valde derfor å gjera ei tryggleikslanding i Madrid. Dette er ein heilt udramatisk situasjon, men tryggleiken kjem alltid først og me håper at passasjerane har forståing for det, seier Næss.

Ho fortel vidare at dei nå jobbar for å få dei 165 passasjerane av garde til Stavanger enten med eitt nytt fly, eller med Norwegian-flyet dei var i, dersom det blir klarert.

Flyet si reiserute

På nettsida Flightradar24 kan du sjå korleis flyet har flydd. Den stipla linja viser ruta til Stavanger.

Foto: Flightradar24

Flere nyheter fra Rogaland