Hopp til innhold

Mindre brannfare

 

Brann på Breitorget

Brann på Breitorget natt til søndag 30. september

Foto: Jan Ove Høgsveen

Trass i fleire branntilløp i helga, er faren for ein storbrann i Stavanger sentrum mindre enn kommunen og brannvesenet hadde frykta.

 

Det visar ein omfattande kartlegging av brannfaren sentrumskjernen.

Og sjølv om fleire bygg ennå treng betre brannsikring, er beredskapssjef  Torstein Nielsen i Stavanger kommune positivt overraska:

 

- Det er faktisk gjort gode sikringstiltak i form av sprinkling og montering av  brannalarmanlegg.  Det betyr at Stavanger sentrum ikkje er så utsett som frykta, seier Nielsen.

- Sjølv om stort område, så er det enklare å beskytte enn for eksempel gamle Stavanger, seier han.

Frykt for brann

 

Frykt for ein storbrann i det omfattande trehusområdet fekk nytt liv etter fleire branntilløp sist helg. Nå er kommunen og brannvesenet i ferd med å avslutte ein omfattande risiko- og sårbarhetsanalyse der kvar einaste bygning i sentrumskjernen er undersøkt. Og faren for ein storbrann som ukontrollert sprer seg frå hus til hus er altså mindre enn frykta.

 

Analysen, som blir lagt fram for politikarane seinare i haust, er del to av kommunen sitt brannsikringsprosjekt,  som starta med gamle Stavanger. 

Fleire tiltak

Men fortsatt er det sentrumsbygg som treng ein omfattande brannsikring, og beredskapssjefen ser for seg eit spleiselag mellom huseigar og kommunen.

- Det er byggherrane sjølve, som er ansvarlege for å sikre sine bygg.  Men her er det snakk om verneverdige trehus, så her må nok også Stavanger kommune gå inn med pengar til sikringstiltak, seier beredskapssjef i Stavanger kommune  Torstein Nielsen.