Hopp til innhold

Meir enn halvparten strauk i matte

Heile 54 prosent av studentane på allmennlærarutdanninga på Universitetet i Stavanger strauk på matematikk-eksamen i vår.

I fjor vart det innført eit minstekrav på mattekarakterar frå vidaregåande skule for å koma inn på lærarutdanninga. For å auke kompetansen må studentane minst ha karakteren tre i snitt frå vidaregåande skule for å komme inn på lærarutdanninga på universitetet.

Gisle Larsen
Foto: Karoline Kalstveit / NRK

Strauk til eksamen

- Eg har ikkje stroke i nokon fag før, så det er ein litt merkverdig kjensle, seier Gisle Larsen.

Han er ein av dei 68 lærarstudentane som strauk på matteeksamen i Stavanger i år.

- Det kjennest uverkeleg. Då me gjekk heim frå skulen dagen før eksamen hadde me ei god kjensle, seier Larsen.

Høgare krav verka ikkje

- Det blir ein ekstra eksamen det neste semesteret, og det kjennest som ein belastning, seier Bjørg Lobekk.

Lobekk er leiar for studentrådet ved universitetet. Ho vil ikkje seie noko om korleis hennar eksamen gjekk. Men ho er sikker på ein ting: Minstekravet om å ha tre i matte for å koma inn på lærarutdanninga har ikkje virka i Stavanger.

- I fjor var strykprosenten lågare enn i år, seier Lobekk.

Rune Giske
Foto: Karoline Kalstveit / NRK

Undervisninga

Av dei skulane NRK har vore i kontakt med, er det berre Oslo som nærmar seg Stavanger med 39% stryk i år. På Høgskulen i Stord og Haugesund derimot, stryk berre 27% av elevane og i Bergen strauk 12% på den obligatoriske matten.

- Eg synes det er veldig trist at såpass mange ikkje står på denne eksamenen. Det kan vera problem med forkunnskapen til våre studentar. Det kan og knytast til den direkte undervisninga som vert gitt til våre studentar, seier leiaren for institutt for allmennlærarutdanning i Stavanger, Rune Giske.

- Det ligg i større grad på enkelte av forelesarane. Det såkalla universitetet er ikkje alltid like kritiske når dei tilset forelesarar, seier Larsen.

 

Flere nyheter fra Rogaland