Hopp til innhold

– Mat til eldre er ein uoppdaga marknad

Helsa til mange eldre kan bli mykje betre om maten dei et er betre tilrettelagd. Her har matindustrien mykje å henta, meiner matforskar.

Helge Bergslien

HER BLIR DET KOKKELERT: Helge Bergslien, kunnskapsfasilitator på Måltidets hus i Stavanger, på eit av mange kjøkken dei har på huset.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Etter kvart som me blir eldre så blir behova våre for blant anna protein, vitamin, porsjonsstørrelsar og praktisk emballasje endra. Då er det viktig å formidla dette til matindustrien slik at dei kan begynna å produsera tilpassa rettar eller halvfabrikat, seier Helge Bergslien

Han er kunnskapsfasilitator på Måltidets hus i Stavanger. Forklart på ein annan måte: han jobbar med å kopla ulike kunnskapar mot ulike problemstillingar. Ei av dei problemstillingane er kva tilbod om tilrettelagd mat ein kan tilby til dei som Bergslien kallar «forbrukarsegmentet 67+», altså dei som er eldre enn 67 år.

Men då må ein først spørja seg kvifor dei over 67 har andre behov enn dei yngre?

Endringar i kroppen

Helge Bergslien

Helge Bergslien

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det skjer gradvise, fysiologiske endringar som gjer at dei kanskje treng litt mjukare mat. Ein får kanskje fleire sjukdomar i høg alder, som igjen vil setja grenser i kva og korleis ein kan eta, fortel Bergslien.

– Matglede er viktig, og om ein blir sitjande med færre personar, eller kanskje åleine, så er det mange som får problem med matlysta.

Måltidets hus og NCE Culinology har skrive to rapportar der dei har tatt for seg helse og marknadsmoglegheiter for matindustrien som følgje av at me stadig blir fleire eldre. Då blir det også fleire personar med funksjonssvekking, omsorgsbehovet vil auka og ein større del av dei eldre vil måtte klara seg sjølv. Bergslien meiner bransjen ikkje har hatt eit bra nok fokus på målgruppa over 67. Difor meiner han at maten må på bordet, no.

Gulrøter, erter, poteter og laks

FRAMTIDAS GOURMETMAT? Gulrøter, erter, poteter og laks i erter i muffinsformer i staden for ein grå graut av den same middagen. Dette er frå eit anna forskingsprosjekt om mat til eldre.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Pensjonistane er positive

– Det hastar. I dag er me over 600.000 nordmenn over 67 år. Om mindre enn ti år vil dette passere ein million og i 2040–50 vil det nærma seg 1,5 million. Bortimot ti prosent av denne befolkninga treng spesielt tilpassa mat på ein eller anna måte. Det er mange menneske og ein stor marknad, seier han.

At temaet blir sett på dagsorden blir møtt med eit smil hjå Oddrun Strand Rangnes, leiar i helseutvalet i Pensjonistforbundet i Rogaland.

– Dette er veldig positivt. Behovet i framtida vil bli heilt annleis enn det er i dag, då det vil bli fleire eldre som er mykje meir bevisst på helse og sunn mat. Det er dårleg ernæring som tek helsa frå veldig mange av oss eldre, fortel ho, og held fram:

– Men det er også viktig at det ikkje berre blir å få ein tallerken med mat levert heime. Det må også vera ei eller anna form for sosialt tilbod, for det er einsemd som fører til dårleg ernæring og sjukdom hjå mange eldre i dag, seier Strand Rangnes.