NRK Meny
Normal

Då arbeidsløysa var på sitt høgste

På starten av 90-talet var arbeidsløysa i Norge på rekordhøge 5,5 prosent. Hallvard Ween, som var ein av dei som måtte seia opp folk, meiner det er viktig at næringslivet lærer av tidlegare nedgangstider.

Sjå innslaget frå 1989, der temaet var nedgangstidene ein opplevde i etterkant av jappetida.

OKTOBER 1989: Slutten av 80-talet og starten av 90-talet var harde år i norsk næringsliv. I denne studiosamtalen med NRK Rogaland-reporter John Skien, kommenterer mellom anna administrerande direktør i Figgjo, Hallvard Ween, den vanskelege tida dei er oppe i. Han hadde likevel tru på at det vil vera lys i andre enden av tunnelen. Han hadde rett i det.

– Det finst noko som går opp og ned, og opp og ned. Veit du kva det er?

Den nyleg pensjonerte regiondirektøren i NHO Rogaland, Hallvard Ween, gir ikkje spesielt god tenkepause før han kjem med svar på si eiga gåte.

– Det er næringslivet, slår han fast.

Gåta er livsvisdom og ei slags trøyst til den som måtte tru at oljekrisa me opplever nå er enden på alt. For Ween har opplevd harde tider før.

Gjelds- og bankkrise

Grafen syner Nav si historiske oversikt over prosentvis arbeidsløyse av den totale arbeidsstokken.

Foto: Kurt Jarnes / NRK

Over halve fabrikken måtte permitterast

Og han har kome seg heilskinna gjennom dei. Spesielt godt hugsar han nedgangstidene på slutten av 80-talet og starten av 90-talet. Han var då administrerande direktør i hjørnesteinsbedrifta Figgjo i Sandnes, ei bedrift som mellom anna selde porselen til cruisebåtar i Amerika.

– I 1989 måtte me permittera 150 av 232 tilsette. Eg er ikkje ein mann som fort får vondt i magen, men då hadde eg vondt i magen, seier han.

Perioden han snakkar om er den såkalla bankkrisa som ramma landet etter jappetida. Ei krise som kom på grunn av fall i oljeprisen, inflasjonspress og renteauke. Dette førte til ein historisk høg arbeidsløyseprosent.

Laster innhold, vennligst vent..

Folk sleit med å innfri lån

Årsaka til at Figgjo blei råka var svikt i salet. Både salet til utlandet og salet i Norge svikta.

– Det var rett og slett fullt på lageret, og då forstår vel alle at produksjonsbanda ikkje lengre kunne gå for fullt, seier Ween.

Årsaka til at kjøpekrafta var svekka hadde å gjera med dei heftige oppgangstidene ein opplevde i starten av 80-talet. Løna auka og Willoch si regjering oppheva restriksjonar for bankane, slik at fleire folk kunne ta opp større lån.

Ifølgje SSB auka dei disponerte utlåna frå bankane frå 157 milliardar kroner i 1983 til 415 milliardar i 1987. Då det blei problematisk for både føretak og hushaldningar å innfri låna sine, hamna bankane i alvorleg trøbbel, derav namnet bankkrisa.

Faksimile frå Stavanger Aftenblad

VANSKELEGE TIDER: Det var smertefullt for Ween å gjennomgå permitteringane. Dette kom berre ein månad etter at dei hadde kutta 32 tilsette. For Ween var det viktig å setja i gang med utdanning av sine tilsette, slik at dei ville bli betre rusta, dersom dei skulle mista jobben sin. Klippet er frå 23. januar 1989.

Foto: Stavanger Aftenblad
Faksimile fra Aftenbladet

GIGANTKUTT I STATOIL: Dagen etter Figgjo sine permitteringar blei kjende, kunne Stavanger Aftenblad slå opp denne artikkelen. (Faksimile frå Stavanger Aftenblad 25. januar 1989)

Foto: Stavanger Aftenblad

– Fleire folk er i dag arbeidsledige

På same måte som i krisa me står midt oppe i er det altså gode tider etterfølgt av dårlege tider. Noko som sjølvsagt seier ein del om framtida ifølgje Ween.

– Me må ikkje bli historielause, det er veldig viktig. Det vil alltid svinga. Det var dårlege tider i starten av 90-talet, ti år seinare var oljeprisen heilt nede i 12 dollar fatet med dei konsekvensane det fekk, så kom finanskrisa ti år etter det igjen og nå har me altså oljekrise.

– Korleis vil du samanlikna det som skjedde på 90-talet med det som skjer nå?

– Mykje er likt, men eg vil likevel seia at det er meir alvorleg nå. Dette på grunn av at det er om mykje fleire personar i tal som mistar jobbane sine denne gongen, og fordi at me ikkje har den same breidda i næringslivet i dag som då.

– Kva bør me læra av historia?

– At det er svært viktig med utdanning og fagbrev. På den måten vil dei som mistar jobben i ein industri lettare kunna omstilla seg. Det er ikkje berre bra med den «all-in»-mentaliteten som har råda i Stavanger i samanheng med skipsfarten, silda og nå olja.

Flere nyheter fra Rogaland