Hopp til innhold

I januar skriv desse to norsk historie: – Ei ære

Maria Bjørkli og James Koszuta er første norske par som nokosinne er kvalifiserte til EM i isdans.

Isdans Maria Bjørkli og James Koszuta

Maria Bjørkli frå Stavanger og partnaren James Koszuta skal delta i EM i isdans. EM blir halde i Finland i slutten av januar.

Foto: Ørjan Dalseth

– Vi er veldig stolte over å ha klart EM-kravet, og det er veldig stas at vi er dei første frå Noreg som skal vere med i EM, seier Maria Bjørkli.

Ho og dansepartnaren er for tida i New York, men i januar er dei klare for å ta isdansverda med storm.

– Eg fører at vi tilfører ein ny kultur til isdans. Det er noko ingen har sett før. Det er veldig kult at vi får vise kva isdans er for Noreg på ei så stor scene, seier James Koszuta.

EM i kunstløp blir arrangert i Espoo i Finland 25.–29. januar 2023. Isdans er ei grein innan kunstløp.

Nordmann og amerikanar representerer Noreg

22 år gamle Maria Bjørkli er frå Stavanger, men reiste i 2018 til USA for å finne ein partnar etter å ha konkurrert åleine i Noreg i mange år.

– Eg møtte ein isdanstrenar, som kjende til Jimmy (James Koszuta). Han leita også etter ein partnar, fortel Bjørkli.

Men før dei kunne bli eit par, var ho nøydd til å gå gjennom ein audition.

– Eg dansa med andre jenter, men eg valde Maria på grunn av personlegdommen. Vi passa veldig bra saman. Ein annan faktor var fysikken. Kroppstypane våre er like, så linjene og alt passar bra saman. Derfrå var det eit enkelt val, og det kjendest rett, fortel Koszuta.

Sidan har dei to bruka fleire år på å trene seg opp i greina. Nyleg gjorde dei den internasjonale debuten sin saman.

Noregs einaste isdanspar imponerte og klarte kravet til EM i isdanskategorien. Tidlegare har dei berre konkurrert i mindre stemne i USA.

Mia Risa Gomez.

Skøyteforbundet har også teke ut éin kvinneleg løpar til meisterskapen: 17 år gamle Mia Risa Gomez frå Stavanger.

Foto: Gunvor Bay

Koszuta er frå USA, og har tidlegare representert landet. Likevel synest han det er stas å kunne representere Noreg saman med Bjørkli.

– Det er ei stor ære å få representere Noreg i EM. Det er ganske utruleg og ei stor bragd for oss å ha nådd meisterskapen, spesielt sidan dette er vår tredje konkurranse saman. Det er veldig spennande å vere det første norske paret til å nå dit, seier han.

Stolt skøytepresident

Noreg har aldri tidlegare hatt deltakarar i isdans i meisterskap. Skøytepresident Mona Adolfsen er imponert over isdansparet som no skal representere landet.

Mona Adolfsen

Mona Adolfsen, skøytepresident.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi er både glade og stolte over at vi for aller første gong kan stille med deltakarar i isdans i eit europameisterskap. Dei har jobba intenst og har verkeleg gjort store framsteg på få år, seier Adolfsen i ei pressemelding frå Noregs Skøyteforbund.

I parløpsgreina hadde Noreg aktive parløparar mellom 1906 og 1968.

– Etter medviten handling og ein langsiktig plan har norsk kunstløp teke store steg framover dei siste åra. Vi ser no fram til ein meisterskap med deltakarar i både kvinneklassen og i isdans, seier Adolfsen.

VM- og OL-ambisjonar

Maria Bjørkli er audmjuk når ho blir spurd om korleis Noreg vil gjere det i sitt første internasjonale meisterskap.

– Det er vanskeleg å seie. Forventningane før EM er å skøyte vårt beste, og å ha ein god oppvisning og ei god oppleving, seier ho.

Likevel har paret fleire mål og høge ambisjonar for framtida saman.

– På sikt håpar vi på å halde på med dette så lenge vi kan. VM og OL er dei neste måla våre.

Ungt talent også teke ut til EM

Skøyteforbundet har også teke ut éin kvinneleg løpar til meisterskapen: 17 år gamle Mia Risa Gomez frå Stavanger.

I september sette ho juniorrekord, og i det tredje seniorstemnet sitt sat ho ny norsk rekord. Med det klarte ho også det internasjonale VM-kravet.

Mia Risa Gomez hos NRK Rogaland 6. desember 2022.