Hopp til innhold

Dette er ein av dei mest populære vidaregåande skulane i landet

Det er lange ventelister med elevar frå heile landet for å komma inn på linja brønnteknikk på Stavanger offshoretekninske skule. – God løn i oljeindustrien er truleg årsaka, seier opplæringssjef i fylkeskommunen.

Stavanger offshore tekniske skole

Stavanger offshoretekniske skule ligg i innseglinga til oljehovudstaden Stavanger.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

I dag har 1.700 elevar fått tilbod om skuleplass i den vidaregåande skulen i Rogaland. Men det er ikkje berre rogalendingar som vil gå på skule her.

Linja som heiter teknikk og industriell produksjon, peiker seg ut som ei linje ungdom frå heile landet vil gå på. Dermed må andre fylke punga ut for studieplassar på Stavanger offshoretekninske skule

– Det er mellom anna søkarar frå Hedmark og Oppland. Eg tviler på dei kjem til å finna olje i Mjøsa, men dei vil nok ta del i det som nå skjer på norsk sokkel, seier seksjonssjef i opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune, Ståle Wold.

400 på vent

Heile 400 elevar står på venteliste til andreåret på brønnteknikk ved skulen, og ein må ha eit karaktersnitt på fem eller betre for å komma inn.

Dermed er dette den vanskelegaste skulen å koma inn på i heile landet.

– Eg har sett fleire elevar som berre har seksarar, og søker seg inn på brønnteknikk, seier Wold.

Samla sett er det 60 plassar på linja, årsaka til at skulen ikkje utvidar er at det berre er 60 læreplassar.

Løn er truleg hovudmotivasjonen

– Dette er jo eit fag der ein må ut i lære, og slik det er nå har industrien berre 60 læreplassar å tilby, seier han.

– Kva er grunnen til at så mange kloke hovud vil inn på denne praktiske utdanninga?

– Det er god løn i denne bransjen, og mange meiner at det er dette som er hovudmotivasjonen for elevane.

Skulen er den vanskelegaste å komma inn på i heile Rogaland, og nesten 400 elevar står på venteliste til andreåret på brønnteknikk, seier seksjonssjef i opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune Ståle Wold.

VIDEO: Mange søkjarar på brønnteknikk i Stavanger.