NRK Meny

MANGE SKUFFA PÅ AIBEL:

Aibel er svært overraska og skuffa over at dei tapte ein stor ConocoPhilips kontrakt på Ekofisk. Kontrakten innan vedlikehald og modifikasjonsarbeid, har ein verdi i milliardklassen. Om lag 400 Aibel-tilsette kan bli ramma når Aker Solutions får overta dette arbeidet, fortel informasjonssjef i Aibel, Bjørg Sandal.