Hopp til innhold

Må ha BankID for å kjøpe bussbillett

36.000 busspassasjerar fekk 6 timar på å legge inn nytt betalingskort i billettapp. – Heilt horribelt, meiner busskunde.

app

I morogn kan du ikkje bruke app til å kjøpe bussbillett på bussen om du ikkje har BankID.

Foto: skjermdump

I morgon kan du ikkje kjøpe bussbillett via app i Rogaland, utan at du gjere desse endringane.

For å bruka billett-appen som før må ein legge inn nytt kort med godkjent BankID, innan klokka 22.00 måndag kveld.

– Det er ikkje alle som har BankID, og det betyr at det blir dyrt for mange å ta buss, seier Gundersen.

Om ein betaler med kontant på bussen kostar ein bussbillett 20 kroner meir.

Fekk SMS

Denne meldinga fekk 36.000 busspassasjerar.

Foto: skjermdump

Kolumbus legge skulda på betalingsleverandøren.

– Det er betalingsleverandøren som bestemmer at alle betalingskort skal bli validert med BankID eller tilsvarande 3D Secure-løysning. Dette for å gjera appen tryggare, seier kommunikasjonssjef i Kolumbus, Grethe Skundberg.

Grethe Skundberg

Kommunikasjonssjef Grethe Skundberg.

Foto: Kolumbus

Ho skulle ønska at kundane fekk meir enn seks timar på endringane.

– Me skulle gjerne ha informert kundane våre i god tid, men me fekk nettopp informasjonen sjølv, og informerte så raskt me kunne.

– Straffar kundane

Gunnar Gundersen synest måten buss selskapet behandlar kundane på er heilt feil.

– Dei hive heile byrda over på passasjerane.

Politikar Andreas Bjelland Eriksen (Ap) syntest det er spesielt at kundane berre får 6 timar på endringane.

Andreas Bjelland Eriksen

Andreas Bjelland Eriksen er skeptisk til metoden som Kolumbus nytta i denne saka.

Foto: AUF

– Eg har sjølv skaffa meg BankID ein gang og veit at det ikkje tar 15 minutt.

Han fortel at det er ønskjeleg at ein har eit betalingssystem som fungerer for alle.

– Det er dumt når ein lager betalingssystem ikkje alle kan bruke, seier Andreas Bjelland Eriksen.

Kvifor Kolumbus har så hastverk får me ikkje svar på.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg