Hopp til innhold

Statoil blir truleg operatør på Johan Sverdrup-feltet

Det svenske oljeselskapet Lundin har trekt seg ut frå kampen om å bli operatør på oljefeltet som i går fekk namnet Johan Sverdrup-feltet. Dermed blir det Statoil som høgst truleg skal operera gigantfunnet.

Statoilflagg

STOR EIGAR: Statoil eig 40 prosent i oljefeltet Aldous Major South og 40 prosent i oljefeltet Avaldsnes. Desse to felta utgjer det som nå har fått namn Johan Sverdrup-feltet.

Foto: Heiko Junge, Junge, Heiko / Scanpix

Jannik Lindbæk Jr

Kommunikasjonssjef i Statoil, Jannik Lindbæk jr., vil ikkje ta gleda på føreskot, men seier at det er naturleg at Statoil blir operatør.

Foto: Harald Pettersen/Statoil / Harald Pettersen

– Oppgåva blir for stor, seier Torstein Sanness, administrerande direktør i Lundin til Stavanger Aftenblad på nett.

Dermed kastar altså det svenske oljeselskapet inn handklede i kampen om å bli operatør på feltet. Lundin har blitt sett på som Statoil sin største utfordrar, dermed ligg alt nå til rette for at det er Statoil som skal operera gigantfunnet i Nordsjøen:

– Ikkje bestemt

– Me jobbar med å få avklart dette, og håpar at me kan drifta storfunnet, seier kommunikasjonssjef i Statoil, Jannik Lindbæk jr.

Han tar likevel ikkje gleda på føreskot:

– Det er framleis ikkje bestemt, men me ser på det som naturleg at me tar på oss jobben, som me sjølvsagt har lyst på. Men til slutt er det styresmaktene som avgjer, seier han.

Når lisensen blir tildelt blir eit av selskapa operatør, medan dei andre blir partnarar.

Vil ha Statoil

I leitefasen har Statoil vore operatør på Aldous med 40 prosent eigarskap, medan Lundin har vore operatør på Avaldsnes med 40 prosent eigarskap.

Partnarane på feltet er Petoro, Det Norske Oljeselskap og Mærsk. Altså er alle medeigarane i Johan Sverdrup-feltet skandinaviske.

Det norske har tidlegare gjort det heilt klart at dei ønskjer Statoil som operatør.