Hopp til innhold

Her landar luksus-flyet på Sola

Eitt av verdas mest luksuriøse fly har landa og letta fleire gonger på Stavanger lufthamn Sola den siste tida. Flyet høyrer til emiren av Qatar og kostar milliardar.

Et av verdas mest luksuriøse fly har landa og letta fleire gonger på Stavanger lufthamn Sola den siste tida. Flyet av typen jumbojet 747–8 tilhører emiren av Qatar og koster milliarder.

VIDEO: Laurence Arenas var ein av fleire fotografar som sikra seg bilete av det gigantiske flyet.

Tre gonger dei siste seks vekene har Stavanger lufthavn Sola hatt verdas største private jetfly på besøk. Boeing 747–8 er ein meir enn 70 meter lang jumbojet med eit vengespenn på 68,5 meter.

– Det er eitt digert fly, men det bråkar nesten ikkje, seier Lennart Rimestad til NRK.no.

Han er ein av fleire flyspottarar som i dag møtte opp for å ta bilete av flyet. Det har dei gjort kvar gong flyet har vore her dei siste vekene.

– Me veit ikkje heilt sikkert kvifor det er her, men hovudteorien er at det er fleire crew om bord som har flyopplæring. Dei øver på å ta av og landa med det svære flyet, seier Rimestad.

Stor luksus

Det skal kosta om lag 4 milliardar kroner å innreia luksusvariantane av flyet, og i januar blei det avgjort at det er Boeing 747–8 som skal erstatta den amerikanske Air Force One flåten.

Flyet som i dag har gjesta Sola skal ikkje frakta den amerikanske presidenten, men er innreia for å frakta kongefamilien av Qatar og andre høgtståande personar frå styresmaktene i landet.

Her er bilete av korleis flyet kan innreiast:

Konseptskisse for luksusinteriør i Boieng 747-8
Foto: Lufthansa / Boeing Business Jets