Hopp til innhold

Lovar at motorvegen ikkje stoppar opp

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) er sikker i sin sak: Sjølv om ein ny trasé for E39 mellom Stavanger og Kristiansand skal utgreiast, så skal vegprosjektet ikkje bli forseinka.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen tok med seg regionvegsjef Helge Eidsnes og statssekretær Bård Hoksrud på ein køyreturen langs kysten av Sør-Norge i sommar.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Firefelts motorveg mellom Stavanger og Kristiansand har vore ein kampsak for oss lenge, og dette skal ikkje forseinka noko som helst, seier statsråden.

Forslag til E39-trasé i Rogaland

DET NYE FORSLAGET: Den blå linja er det nye forslaget.

Foto: jordvern.no

I dag kom meldinga om at Solvik-Olsen har bedt Statens vegvesen om å vurdera ein ny trasé over Høg-Jæren for ny E39 mellom dei to byane.

Men Hå-ordførar Mons Skrettingland (H) fryktar at heile prosjektet blir utsett.

– Eg håpar inderleg ikkje at dette utset prosessen. Det som dette brevet kan resultera i – og som er mi uro – er nye utgreiingar og nye utsettingar, seier Skrettingland

Vil ha ei løysing for framtida

Statens vegvesen sitt forslag er å nokolunde følgja dagens trasé, medan den nye traséen går lenger ut mot kysten via Egersund. Sidan vegen blir ei hovudfartsåre i generasjonar, meiner Solvik-Olsen at ingen forslag skal kastast vekk utan å bli vurdert.

Ketil Solvik-Olsen

SAMFERDSLEMINISTER: Ketil Solvik-Olsen.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Eg vil forsikra meg om at vegen skal vera framtidsretta. Difor har me allereie sagt at vegen skal planleggjast som firefeltsveg, og når det kjem eit planforslag om ein annan trasé, som kanskje samlar fleire folk, så meiner eg at me må sjå grundig på den før me eventuelt droppar den.

– Det må ikkje vera ein hastverksjobb. Difor har eg sagt at den utgreiinga skal gjerast utan å forseinka framdrifta i prosjektet. Dei som er skeptiske kan ta alt med ro: dette handlar om å finna den beste løysinga, ikkje å forseinka noko som helst.

– Slepp trafikktrøbbel under arbeidet

Han peikar på fleire ting som kan verka positivt for det nye forslaget kontra det som allereie ligg på bordet.

– Det er lurt at ein hovudveg går i nærleiken av der folk bur, for då er det fleire som ønskjer å bruka den. Men det er ikkje lurt at den går gjennom tettstadane, for då blir det mange farlege trafikksituasjonar og miljøforureining. Denne traséen går nærmare der folk bur på Jæren, og me kan kanskje avlasta ein del av trafikken som i dag står i kø på fylkesveg 44, seier han.

– I tillegg er fordelen at om me byggjer ein heilt ny trasé, så treng ein ikkje ta omsyn til dagens trafikk på dagens E39. Då går det kanskje raskare og billegare å bygga vegen, avsluttar han.