Hopp til innhold

Lokal gjerningsmann?

Politiet trur det er ein lokal gjerningsmann som står bak voldtekten på Klepp søndag.

Politi undersøker voldtektsområde
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ei 24 år gamal kvinne blei overfalt av ein maskert mann på ein turveg, truga med kniv og voldtatt.

Lensmann i Klepp Hans Kyllingstad trur overgriparen er frå området og at han kan ha tilknytning til ein psykiatrisk institusjon i nærleiken.

- Me vil snakka med personalet på institusjonane i området. Mye tyder på at han snakker ei lokal dialekt og er herifrå, seier Kyllingstad.

Politiet skal no ta inn at nokre av dei som har kome med tips, til avhøyr. Deretter vil politiet vurdera kva dei skal gjere videre.Mannen politiet leiter etter skal vera i slutten av tenåra og blond.

Flere nyheter fra Rogaland