Det er no starta søk langs vegane mellom Sauda og Ropeid, Ropeid og Røldal og Røldal og Sauda, for å sjå om dei to kan ha køyrt av vegen, seier lensmann Bjørn Harding Karlsen til Haugesunds Avis.
Dei to vart sett i same bil då ein av dei skulle til Oslo der ein av dei var tiltalt i ei rettsak.
Begge to sine mobiltelefonar har vore avslått og det har ikkje vore endringar på kontoane deira sidan dei forsvann.
Dei to var ein del av rusmiljøet i Sauda.