Langeland har sendt brev til alle dei 165 representantane på Stortinget. Målet er å få til ein nasjonal boikott av Ringnesprodukta, og fleire politikarar som fekk brevet har alt teke saka opp lokalt, seier Langeland.
Ringnes vil ennå ikkje kommentera saka.
Langeland håper Ringnes-leiinga vil gjera om vedtaket om å leggja ned Tou bryggeri dersom presset vert for stort.
Det er politikarar i Troms, Akerhus, Telemark og Hordaland som har tatt opp saka lokalt.