Lageret av lammekjøt er borte

Dei store mengdene lammekjøt som låg på lager hos Nortura er oppspist. Det melder Nationen (krev abonnement). Ved årsskiftet var det krise og fleire tusen tonn på lager. Konsernsjef Kristian Kolberg i Nortura seier til avisa at dei har gjort det umogelege mogeleg. Men det har kosta, prisen til bøndene er redusert og Nortura har selt kjøt med lite forteneste.