Hopp til innhold

Laaaaange køar på Sola!

Fredag ettermiddag har det vore opp til to timar lange køar på Stavanger lufthamn Sola. – Nå må kapasiteten aukast sporenstreks, seier lufthamnsjef, Leif Anker Lorentzen.

Sikkerhetskontrollen på Sola

Slik ser det ut i tryggingskontrollen på Stavanger lufthamn Sola klokka 18.45.

Foto: Avinor

– Dette er ein ekstraordinær situasjon, men me bør likevel handsama slike situasjonar betre, seier lufthamnsjef på Stavanger lufthamn Sola, Leif Anker Lorentzen.

Han legg seg langflat etter det fredag ettermiddag har vore køar på opp til to timar for å passera tryggingskontrollen på flyplassen.

Vil ha fleire sluser

– Me kom alt for seint i gang med å gje prioritet til dei som hadde fly som snart gjekk, og det beklagar me. Seier han.

Ved årsskifte vil ei omfattande ombygging vera ferdig på flyplassen, og kapasiteten ved tryggingskontrollen vil vera auka med åtti prosent.

Men så lenge vil ikkje Lorentzen venta.

– Me må sjå på om det er mogleg med ekstra midlertidige sluser fram til ombygginga er ferdig, for slik kan me ikkje ha det, seier han.

Uvanleg lange køar

Det var ikkje fleire avgangar enn vanleg fredag ettermiddag, men flya var fullare. Lufthamna hadde likevel alle sine tilgjengelege sluser opne, men dette var ikkje nok.

– Det er vanleg med køar på fredag ettermiddag, men dette er langt over normalen, seier han.