Hopp til innhold

Valdtektsforsøk i Bryne sentrum

Ei 20 år gammal kvinne blei forsøkt valdteken i Bryne sentrum, rett etter midnatt natt til søndag. Politiet etterlyser ein mann med arabiske trekk.

Jærmeglerenn ved Bryne torg

Valdtektsforsøket skjedde i eit smug i nærleiken av Jærmegleren ved Bryne torg.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Valdtektsforsøket skjedde i eit smug i nærleiken av Jærmeglaren i sentrum av Bryne, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Victor Jensen.

Kvinna sette seg til motverje mot mannen som prøvde å valdta ho. Då gav han opp og sprang frå staden, har fornærma forklart til politiet.

Gjerningsmannen er ukjent

Kvinna har skildra overgriparen som ein låg utanlandsk mann som var om lag 25 år gammal.

– Nærmare bestemt meinte ho at mannen hadde arabisk utsjånad, seier operasjonsleiaren, som legg til at kvinna ikkje kjente mannen frå tidlegare.

Les også: Kvinne (41) om overfallsvaldtekt: – Dei heldt meg rundt nasen, munnen, halsen og augo

Har avhøyrt eit vitne

Jensen seier at politiet alt har snakka med eit vitne, som skal ha sett noko av det som skjedde. Men ennå er det uklårt kva rolle dette vitne har hatt.

Les også: Valdtekt på Bryne

Nå er det Time lensmannskontor som overtar etterforskinga. Politiet er svært interessert i å koma i kontakt med vitne som kan ha sett eller høyrt noko i samband med valdtektsforsøket rett etter midnatt, natt til søndag.

Jærmegleren ved Bryne torg