Hopp til innhold

– Det hastar med å utbetra mobildekninga langs rasvegen

Ordføraren i Suldal fryktar at folk som blir innesperra i ras langs riksveg 13 ikkje får ringt om hjelp på grunn av den svært dårlege mobildekninga.

Ras riksveg 13

Ordførar i Suldal, Torkel Myklebust, er bekymra over dårleg mobildekning langs riksveg 13.

Foto: Arne Gunnar Olsen

Dårleg mobildekning er eit kjent problem i Suldal. Store delar av strekninga frå Erfjord til Røldal har svært dårleg dekning.

– I verste fall får ikkje folk som blir innesperra i ras ringt om hjelp. Derfor gjer me alt me kan for å setja trykk på at forholda blir betre, seier ordførar i Suldal, Torkel Myklebust (Sp).

– Går frykteleg seint

Ropet om betre mobildekning kjem etter dei to rasa på riksveg 13 mellom Røldal og Nesflaten onsdag kveld.

– Me har hatt mykje kontakt med Telenor om dette. Men arbeidet går frykteleg seint, seier Myklebust.

Per Arild Meling

Per A. Meling, informasjonssjef i Telenor.

Foto: Telenor

Han seier problemet med dårleg mobildekning ikkje berre gjeld langs riksveg 13, men også i fleire bygder i Suldal.

Kan ikkje lova betre dekning

Telenor seier dei fredag har sett på dekningsforholda frå Suldalsosen til Røldal.

– Me har vore i kontakt med ein grunneigar i Bratlandsdalen. Han er positiv til å setja opp ei mobilmast som kan betra mobildekninga, seier informasjonssjef i Telenor, Per A. Meling.

Kor fort kan dette skje?

– Det kjem litt an på kort fort saksbehandlinga skjer hos oss, men førebels er det ikkje gjort noko vedtak om utbygging.

Riksveg 13 mellom Nesflaten og Røldal er fredag framleis stengt. Laurdag vurderer Statens vegvesen om vegen kan opnast for trafikk igjen.

Flere nyheter fra Rogaland