Køyrde på MC-førar og stakk av

Politiet etterlyser ei kvinne som køyrde ein mørk Audi på Avaldsnes i dag. Kvinna kolliderte med ein MC-førar, og stakk etterpå av. MC-føraren blei lettare skadd i samanstøyten. Politiet vil ha tips dersom nokon har sett bilen som køyrde i retning Visnes.