Hopp til innhold

Trass stadige demonstrasjonar i nærmiljøa legg kommunar ned 50 skular i året

– Det hjelper likevel med fakkeltog og demonstrasjonar meiner rådgjevar i Landslaget for nærmiljøskulen Torodd Fagerheim.

Vatne skule

Fleire elevar må kvart år forlata nærskulane sine. Desse elevane på Vatne skule i Sandnes kan risikera at kommunen ikkje lenger vil drifta skulen deira.

Foto: Ole-Andrè Lagmandokk / NRK

Det har blitt ei velkjend historie at lokalmiljøet rundt ein grendaskule samlar seg og demonstrerar mot føreslått nedlegging av skulen deira.

På Vatne skule i Sandnes førre veke kunne ein høyra at elevane hadde laga eigen demonstrasjonssong . Denne gongen er det foreldra ved Kvalavåg skole på Karmøy som kjemper for skulen sin. Dei har laga ei eiga avis som dei sjølv finansierer. Men hjelper det?

Har lagt ned 1100 skular

– Me er stolte over avisa som me har laga og delt ut til nesten alle innbyggjarane på Karmøy, og me håper jo at dette gjer resultat. Me har ingen andre måtar å bli høyrt på , seier Evy Blom Kalstø i foreldrearbeidsutvalet på Kvalavåg.

Dei harde fakta er likevel at sidan kommunane overtok ansvaret for grunnskulen i 1986 har heile 1100 skular blitt lagde ned. Det vil sei omlag 50 kvart år dei siste 24 åra.

Torodd Fagerheim er rådgjevar i Landslaget for nærmiljøskulen, og han seier at demonstrasjonane hjelper:

Vatne Skole

14. desember blir det bestemt om Vatne skole må leggjast ned.

Foto: Ole-Andrè Lagmandokk / NRK

Økonomi er årsaka

– Svært mange av dei hjelper. Hadde det ikkje vore denne type motstand frå foreldregrupper ville me hatt langt fleire skular som blei lagde ned kvart einaste år, seier han.

Han legg til at det blir diskutert nedlegging av langt fleire skular kvart år enn dei som faktisk blir lagt ned. Og nesten kvar einaste gong det er snakk om å leggja ned ein skule er det økonomi som ligg bak det.

Det er også høve ved Kvalavåg skole på Karmøy nå:

Mister kanskje nærskulen sin

– Me må spara 40 millionar kroner på oppvekst og kultur sine driftsutgifter, dette klarar me ikkje utan omstrukturering av skulen, seier ordførar i Karmøy Kjell Arvid Svendsen.

Tysdag ettermiddag blir det truleg vedteke at Siren Marita Aksland Simonsen på 12 år må flytta til Avaldsnes, dette er berre trist meiner ho:

– Eg liker det ikkje for det er her me har gått, og på Avaldsnes blir det veldig liten plass, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland