Hopp til innhold

Kommunalt selskap forureina – kan få kjempebot

All fisk forsvann då Ivar dumpa ein komposthaug nær Hogstadbekken i Sandnes. No risikerer selskapet ei bot på 500.000 kroner.

Kirsten Kristiansen og Ernst Malmin

Korkje Kirsten Redmond Kristiansen frå Fylkesmannen i Rogaland eller nabo Ernst Malmin er nøgde med tilstanden i bekken.

Foto: Torkel A. Schibevaag / NRK

– Eg hadde trudd det skulle sett betre ut, no som Ivar har hatt litt tid på seg, seier assisterande fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen.

Denne veka var Fylkesmannen på nytt tilsyn ved ein gytebekk i Sandnes som brått hadde blitt forureina. Bekken var like brun og stinkande som ved førre besøk.

Det viste seg at forureininga er frå Ivar (interkommunalt, vann avløp og renovasjon) sitt komposteringsanlegg på Hogstad i Sandnes. Selskapet hadde plassert ein stor haug med avfall som rann ut i bekken.

Avfallshaug hos IVAR på Hogstad

Denne komposthaugen har forureina Hogstadbekken i Sandnes.

Foto: Torkel A. Schibevaag / NRK

Då forureininga blei oppdaga, lova Ivar å ordne opp innan ei veke. Men vatnet er fortsatt ikkje reint.

Viss det kommunale anlegget ikkje ordnar opp innan 9. november, får dei ei bot på 500.000 kroner.

Nabo: – Lågare livskvalitet

Den brune, stinkande Hogstadbekken renn gjennom hagen til Ernst Malmin. Dei siste vekene har han fått kjenne utsleppa på kroppen.

– Den vonde lukta gjer at me ikkje kan sove med vindauga opne. Me har ikkje den livskvaliteten me vanlegvis har på ein så fin plass som dette, seier naboen.

Fylkesmannen på tilsyn på Hogstad

Det pleier å vere gyte i bekken i hagen til Ernst Malmin på denne tida.

Foto: Torkel A. Schibevaag / NRK

På denne tida av året skal det stå opptil 150 gytefisk i bekken. Etter utsleppet er all fisk borte.

– Det er jo eit stykke paradis å bu her og ha moglegheitene som bekken gir. No er det diverre øydelagt. Alt som er i bekken, er dødt, fortel naboen.

Vurderer å melde utsleppet

Både naboar og Fylkesmannen vurderer å melde utsleppet.

– Viss me skal melde, må me sjå situasjonen totalt sett: Har nokon gjort noko her som ikkje skulle bli gjort? Dei vurderingane gjer me no, seier Bendixen hos Fylkesmannen i Rogaland.

– Fryktar de at det dreier seg om miljøkriminalitet?

– Når miljømyndigheitene vurderer å melde saka, så er det fordi det kan ha skjedd miljøkriminalitet, seier den assisterande fylkesmiljøvernsjefen.

– Dei skal ordne opp i det, og sørge for at det blir bra igjen, seier ho.

IVARs komposteringsanlegg på Hogstad

Komposthaugen renn framleis av i Hogstadbekken i Sandnes.

Foto: Torkel A. Schibevaag / NRK

Avviser miljøkrim

Ivar meiner dei har løyst situasjonen på best mogleg vis, og seier at dette ikkje dreier seg om miljøkriminalitet.

– Beklagelegvis har ei serie hendingar fått oss i denne situasjonen. Eg vil nesten påstå at me har hatt maks uflaks med å hamne her, seier administrerande direktør Kjell Øyvind Pedersen i Ivar.

IVARs komposteringsanlegg på Hogstad

Fylkesmannen på sitt tredje tilsyn ved komposteringsanlegget på Hogstad.

Foto: Torkel A. Schibevaag / NRK

No har selskapet lagt ein duk under komposthaugen for å hindre at det renn av frå undersida.

I samarbeid med Fylkesmannen skal dei gjennomføre tiltak for forbetring innan 9. november. Viss ikkje dette blir gjort, vil utsleppet koste Ivar 500.000 kroner.