Hopp til innhold

Knivstukken på Hundvåg

Ein stavangermann på 35 år vart stukken med kniv i Lerkeskogen på Hundvåg natt til søndag.  Stikkinga skjedde då mannen nekta å gi pengar til ranaren.

Illustrasjonsfoto
Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

 Overfallet skjedde i halv-tre tida natt til søndag.  Stavangermannen blei stoppa av ein ukjent mann og bede om å gi frå seg pengar.

Då han nekta dette, trekte ranaren fram ein stor kniv.  Offeret prøvde å beskytta ansiktet med armane sine, og det var i armane han fekk knivkutt.

Offeret ringte deretter til AMK-sentralen og fortalde at han var blitt knivstukken.

 Det viste seg å dreie seg om mindre knivkutt i armane, ikkje alvorlege skader, viste undersøkjinga på legevakta.

Ukjent overfallsmann

Ranaren vert skildra som mellom 20 og 25 år gammal, 1.80 meter høg og kledd i mørke klær.  Søndag føremiddag hadde ikkje politiet funne overfallsmannen.