Klepp fekk ein pangstart i toppfotballen i 1987: Dei vann den aller første nasjonale serien i Noreg og tok sølv i cupen.
Sidan har Klepp halde seg i den aller øvste divisjonen i norsk fotball. Dei har fått 35 sesongar i toppserien. Ingen andre klubbar har greidd det same.
Men no er gullalderen over.
Søndag møtte Klepp Sandviken på heimebane i Bergen. Det var eit møte mellom botnen og toppen på tabellen.
For trass i at Sandviken aldri har vunne eit einaste seriegull, var det dei som kasta Klepp ut av Toppserien – med fire tidlegare Klepp-spelarar på si side.
Sandviken vant overlegent og knuste Klepp 8–0.
– Då må alle gudar stå oss bi
Nokre dagar før kampen hadde Klepp-trenaren eit lite håp om siger.
– Det er håp i eit hengande snøre. Vi reiser til eit Sandviken-lag som vil slå oss for å ta gull. Ramma rundt kampen blir veldig spennande, seier Owe Salvesen.
Også styreleiar Else Karin Stangeland i Klepp kvinner elite visste at det skal mykje flaks til for å unngå nedrykk.
– Teoretisk kan vi enno halde oss i toppen. Men då må alle gudar stå oss bi. Og vi er vel innstilte på at det blir førstedivisjon. Men vi legg oss ikkje ned for det, seier ho.
Klepp var heilt nøydd til å vinna dei to siste kampane i serien for å unngå nedrykk.
Ein magisk klubb
I lokalsamfunnet på Klepp på Jæren i Rogaland er det ingen tvil om at fotballaget har sett kommunen på kartet.
– Det er eventyrleg. Magisk. At ein plass som vesle Klepp kunne få til noko slikt og skape ei slik interesse blant publikum. Viss det er nokon som har sett Klepp på kartet, så er det Klepp-jentene, seier Stangeland.
Ho meiner det er fleire høgdepunkt å sjå tilbake på.
– Det har vore mange stolte augneblink, som seriesølv i 2018 og bronse i 2019.
Trur Klepp blir verande i lågare divisjonar
NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp seier Klepp er ein klubb med fantastisk historikk som har betydd mykje for kvinnefotballen.
– Dei har hatt ein tydeleg identitet og satsa på kvinnefotball tidleg. Klepp har hatt eit fantastisk miljø for unge spelarar, seier han.
Han meiner det sannsynlege nedrykket kjem av at kvinnefotballen er i stor endring.
– Klepp lid under utviklinga i kvinnefotballen. Vi ser at klubbar som står på eigne bein får det tøffare og tøffare. Dei kan ikkje matche budsjetta til Vålerenga, Rosenborg eller Sandviken.
Torp trur ikkje Klepp når opp til Toppserien igjen.
– Kort fortalt trur eg dette er slutten på toppfotballen for Klepp. Konkurransen har blitt mykje tøffare. Dei må tenkje nytt og bygga eit nytt lag, seier han.
Blir truleg sendt ned av sine eigne
Kampen på søndag kunne nesten blitt ein gjenforeiningsfest. Heile fire tidlegare Klepp-spelarar er no å finne i stallen til Sandviken.
Elisabeth Terland frå Nærbø valde å forlata Klepp til fordel for Sandviken. I tillegg har Mille Aune og Marthine Østenstad frå Stavanger gått frå jentene i grønt til bergenslaget i kvitt.
Tuva Hansen frå Bryne var kaptein på Klepp, men har no den same rolla i Sandviken.
Ho trur på seriegull for bergenslaget.
– Det blir utruleg viktig nå. Det kan bli historisk, seier Hansen.
Trass i at hennar lag ligg på topp og skal møte botnlaget Klepp, tek ho ikkje sigeren på forskot.
– Dei er ikkje lette å møte, seier kapteinen.
Owe Salvesen meiner det ikkje er noko stort problem at Klepp rykker ned for første gong.
– Ordet «krise» er misbrukt. Det vil gi rom for nye moglegheiter, seier han.