Fakta
Kandahar-bindingen
Det kan nok vera kaldt i Kandahar om vinteren, men det er ikkje akkurat skisport byen er kjend for. Han ligg på ei høgslette om lag 1000 meter over havet, men langt sør i Afghanistan, og i landskapet omkring dyrkar dei både druer og melonar om sommaren. Men både Kandahar-rennet og Kandahar-bindingen har namn etter den afghanske byen som har vore hovudsete for Taliban-rørsla dei siste åra.
Baron av Kandahar
Kandahar er eit viktig knutepunkt på handelsvegen til Sentral-Asia, India og den afghanske hovudstaden Kabul. Byen har difor vore tiltrekkjande for dei mange som opp gjennom åra har prøvd å leggja under seg Afghanistan. Store krigsherrar som den mongolske hærføraren Djengis Khan og den tyrkiske herskaren Timur-lenk - eller Tamerlan - øydela i si tid byen. På 1800-talet var det britane som stadig prøvde å få kontroll over Afghanistan. Ein av dei sentrale britiske hærførarane var feltmarskalk Fredric Sleigh Roberts som skaffa seg eit stort namn då han etter ein ilmarsj frå Kabul tok Kandahar i 1880. Slike bragder blir i Storbritannia gjerne premierte med ein adelstittel, og feltmarskalken kunne etter sigeren i Afghanistan kalla seg baron Roberts av Kandahar. Seinare fekk han endå finare titlar.
Homenkollen-Kandahar
Baron Roberts var ein aktiv og framsynt herremann som etter kvart vart sjef for heile den britiske hæren. Han rekna med at den første verdskrigen ville koma og vart ein av dei første som gjekk inn for allmenn militærteneste. Men han var og interessert i skirenn, og i 1911 sette han opp ein pokal som skulle delast ut i det som skulle bli eit av dei store og kjende alpine skirenna, Kandahar-rennet - oppkalla, sjølvsagt, etter lord Roberts av Kandahar. Det første vart halde i Wildstrubel i Sveits. I mange år vart det og arrangert Holmenkollen-Kandahar-renn her i landet.
Wire med stålfjør
Sveitsaren Guido Reug var også interessert i skiidrett. Han hadde ideen til ein skibinding for alpint, hopp og langrenn som vart kalla opp etter Kandahar-rennet. Mange eldre skigåarar hugsar Kandahar-bindingen - ein wire med stålfjør bak og stramme-mekanisme framme.
Assosiasjonar
Mullah Mohammad Omar og dei skjeggete Taliban-soldatane hans er neppe klar over at det ikkje berre er muslimsk fundamentalisme vi nordmenn og andre skiinteresserte assosierer med den utbomba byen Kandahar som dei nå er i ferd med å gi frå seg.