Hopp til innhold

Ingen lovnad om erstatning til fetteren – men kravet skal handsamast raskt

Fetteren til Birgitte Tengs møtte i dag justisminister Emilie Enger Mehl. Ho kjem ikkje med lovnad om erstatning, men vil sikra at fetteren ikkje skal måtta venta for lenge på svar.

NRK møtte justisminister Emilie Mehl etter møtet med fetteren til Birgitte Tengs

Emilie Enger Mehl møtte pressen etter møtet med fetteren og faren hans.

Foto: Gilse Jørgensen / NRK

– Det er første gong eg har treft fetteren og faren hans, og det var sterkt. Så forstår eg at dei ønsker å fremma eit erstatningskrav, og eg ønsker å leggja til rette for at det går raskt i den grad eg har moglegheit til det.

Det sa justisminister Emilie Enger Mehl til NRK då ho kom ut frå møtet med fetteren til Birgitte Tengs, som har blitt utsett for det som blir sett på som eitt av dei verste justismorda i nyare norsk rettshistorie.

Også faren til fetteren var med på møtet.

– Nok er nok. No er tida inne for å rydde opp, seier far til fetteren, Jakob, til NRK.

Jakob, far til fetteren, sammen med fetterens advokater, Arvid Sjødin (t.h) og Kristian Aalmo i advokatfirmaet Glittertind

Jakob, far til fetteren, saman med advokatane Arvid Sjødin og Kristian Aalmo.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Positivt møte

Etter ein 26 år lang kamp mot rettssystemet møtte fetteren til Birgitte Tengs i dag justisministeren for første gong.

Justisdepartementet har kalla møtet for eit lyttemøte.

– Det var eit veldig positivt møte. Dei var engasjert om det me kunne fortelje om, og hadde kunnskap om det frå før, seier fetteren sin advokat, Arvid Sjødin.

Arvid Sjødin

Advokat Arvid Sjødin.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Fetteren vart i 1998 frikjend for drapet på Birgitte Tengs i Gulating lagmannsrett, men likevel dømd til å betale foreldra hennar 100.000 kroner i erstatning.

Dommen stempla altså fetteren som drapsmann sjølv om juryen frikjende han.

Dette stempelet har fetteren sidan dommen kom, kjempa for å bli kvitt.

Etter tallause rettsrundar gjennom 2000-talet, oppheva Agder lagmannsrett i november 2022 erstatningsdommen.

Mehl: Glad for at dommen er oppheva

Justisminister Emilie Enger Mehl, seier til NRK etter møtet at det var eit sterkt møte.

– Dei fortel om mange vanskelege år på grunn av erstatningsdommen som har hengt over fetteren. Eg er glad for at den er oppheva og at det er slått fast at fetteren er uskuldig, seier Mehl.

No vil dei legge til rette for at fetteren får lagt fram eit erstatningskrav.

– Det er for tidleg til å ta stilling til eit eventuelt erstatningskrav, men eg må bidra på den måten det er mogleg for meg til at ikkje ventetida blir alt for lang før ein kan leggja dette bak seg, seier ho.

Ho seier vidare at det har kome krav om juridisk bistand til å utarbeida kravet om erstatning.

–- Vi har bede statsforvaltaren om å prioritera den søknaden slik at me kan koma raskt vidare med det.

Justis- og beredskapsminister. Emilie Enger Mehl.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl hadde i dag eit møte med fetteren til Birgitte Tengs.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Ho vil ikkje utelukka ein eventuell førehandsutbetaling, slik som Viggo Kristiansen fekk, sjølv om sakene er ulike. Men først må det takast stilling til om fetteren i det heile skal få erstatning.

Skal sette fram eit erstatningskrav

I møtet fekk dei lagt vekt på påkjenninga dette har vore for fetteren, og ifølge Sjødin verkar det som at det er eit ønske frå justisdepartementet om at dette skal løysas.

– Me må setta fram eit krav, men dei verkar veldig positive, seier Sjødin.

Dei ønsker ikkje å seie noko om kva som vil vere storleiken på erstatningskravet frå fetteren.

Dei vil heller ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta å fremma eit krav.

I oktober 2022 uttalte justisminister Emilie Enger Mehl at ho ville sjå på lovverket som førte til at fetteren både vart frikjent og dømt til erstatning for drapet.

Dette vart også eit tema under dagens møte.

– Dei forsikra oss om at dei jobba med det, seier Sjødin.

Fetteren sjølv følgde møtet via link frå utlandet. Her har han budd i fleire år, og har i praksis hatt yrkesforbod i Noreg, meiner advokat Arvid Sjødin.

Les også Fetteren til NRK: – Dette har påført meg enormt stor skade

Fetteren til Birgitte Tengs

For 12 år sidan fekk han eit tilbod frå ein norsk bank, men då dei fann ut at han var fetteren til Birgitte Tengs, trakk dei jobbtilbodet. Han vann seinare over banken i retten.

Justisministeren har ikkje beklaga

Saka blir sett på som eitt av dei verste justismorda i noregshistoria, og fetteren fekk i oktober beklaging frå Riksadvokaten, politidirektøren og dåverande etterforskingsleiar i Kripos.

Justisministeren har ikkje beklaga, men Sjødin seier at dei fekk inntrykk av at det som blei sagt under møtet var oppriktig og at dei forstod problemet.

Kristian Aalmo og Anders Ryssdal frå advokatfirmaet Glittertind er dei som skal setta fram erstatningskravet.

Aalmo seier det ikkje er noko tvil om at det har blitt gjort feil frå staten si side i denne saka.

– Me vil jobba så raskt med kan med å utarbeida eit krav som staten kan ta stilling til. Det er eit utfordrande arbeid, seier han.

Far til fetteren, Jakob, ønsker ikkje å kommentera møtet vidare.

Jakob og Arvid Sjødin.

Jakob, far til fetteren og Arvid Sjødin på veg inn til møtet mellom fetteren og justisministeren.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

«Umenneskeleg behandling»

To rettsavgjerder har gått vegen til fetteren dei siste månadene.

Agder lagmannsrett opphevinga si av erstatningsdommen, og då Haugaland og Sunnhordland tingrett måndag 6. februar dømde Johny Vassbakk til 17 års fengsel for drapet på Birgitte Tengs.

I den siste dommen heiter det mellom anna at fetteren vart utsett for ei umenneskeleg behandling og psykologisk tortur under avhøyra, som førte til at han kom med ei falsk tilståing.