På Undheim i Time er det planar om eit datasenter frå Green Mountain, skriv Stavanger Aftenblad.
Grunnarbeid er i gang, og det er sendt ut nabovarsel.
Tomta ligg like ved vindparken på Høg-Jæren og blei i 2021 regulert til såkalla «kraftintensiv næring».
Dette er det fjerde datasenteret Green Mountain har ønska å bygge i Rogaland. I tillegg til planane på Undheim, kan du i denne saka også lese om Kalberg i Time, Jørpeland i Strand og Vagle i Sandnes.
Green Mountain-direktør Svein Atle Hagaseth.
Foto: Knut Røsrud / NRKOrdførar: – Ferdig regulert
– Vi har ikkje tatt noka endeleg investeringsavgjerd. Men for oss er det viktig å vite at vi har evne og høve til å byggje der vi nå bestemmer oss for å ønske å bygge, seier Green Mountain-direktør Svein Atle Hagaseth.
Han seier at Undheim-planane er eit såkalla samlokaliseringsdatasenter med alt frå ein til 50 kundar.
Time-ordførar Andreas Vollsund (H) kjenner ikkje til om det er komme nokon byggesøknad, men seier området for lengst er ferdig politisk behandla.
– Viss det er i høve til vedtatt reguleringsplan, er det ikkje ei politisk behandling. Dette har vi allereie sagt ja til og er klar over kva vi har regulert til, seier han.
Time-ordførar Andreas Vollsund (H).
Foto: Lene UnderhaugOrdføraren har lese i avisa at det ikkje er tatt noka avgjerd om å investere. Men når den er på plass, byggesøknad sendt og behandla, er det berre å bygge, seier han.
Ikkje med det første
Så at Undheim-planane kan gå noko raskare enn dei tre andre datasentera Green Mountain har ønska å bygge, er det ikkje tvil om.
Ein annan stad i Time på Jæren, Kalberg, ville Green Mountain investere 50 milliardar for å skape minst 500 årsverk i 2023. På matjord ville Green Mountain bygge eit datasenter som eit av dei største teknologiselskapa i verda skulle ha.
Investeringa på Kalberg i Time kommune på Jæren i Rogaland skal vere 50 milliardar kroner, og senteret skal skape 500 arbeidsplassar.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKMen våren 2024 blei det klart at dei ikkje ville gjennomføre planane «med det første».
– Vi tar til etterretning at det tar tid, sa Hagaseth den gongen.
Skal greie ut konsekvensane
På Jørpeland i Strand kommune er Green Mountain kanskje nærast å få klarsignal til å sette i gang arbeidet.
Før jul bestemte kommunestyret i Strand å greie ut konsekvensane til planane om datasenter på tomta til det gamle stålverket. Så seint som i februar ville Sp, INP, SV og Rødt stoppe planane, men slik blei det ikkje.
Den folkelege motstanden har vore til stades. Folk har møtt opp til markeringar, og i lokalavisa Strandbuen har 76 prosent av lesarane svart at dei ikkje vil ha verksemda.
Utsette saka før dei sa nei
I september i 2024 blei det kjent planar om datasenter i Vagle næringspark i Sandnes.
Tidleg i februar skulle kommunestyrepolitikarane diskutere saka etter først å ha utsett ho fordi dei fekk for kort tid til å førebu seg.
3. februar hadde mange møtt opp ved rådhuset i Sandnes for å vise motstand på grunn av omsynet til jordvern og natur. – Eit datasenter høyrer heime i ein fjellhall der du får det vekk frå busetnaden, sa ein av motstandarane.
Foto: Erik Waage / NRKMidt i februar stemte likevel eit fleirtal mot ei etablering.
Fleire meiner saka var med på å velte det politiske fleirtalet dei fram til da hadde hatt i kommunen.