Heilt sidan i fjor haust har transportselskapa til det
blitt nekta kreditt på grunn av manglande betalingsevne.– Me har uteståande store beløp. Selskapet får ikkje tilgang til kreditt før dette er rydda opp i, seier administrerande direktør i Fjord1, Stig Kristoffersen.
Les også:
Problem sidan hausten 2010
Administrerande direktør i Fjord1, Stig Kristoffersen.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRKTransportselskapa til Johs Lunde hadde inntekter på 300 millionar kroner i 2009. Men trass purringar og innkassokrav, selskapet har vist liten vilje til å gjera opp for seg.
Fjord1 har åleine uteståande ein million kroner. Dei er ein av ei rekkje kreditorar som nå taper pengar på konkursraset i Lunde-imperiet.
– Me har hatt problem med betaling frå Johs Lunde sidan seinhausten 2010, seier Kristoffersen.
Måtte byta firmanamn
Konkurrsen i Lunde-gruppa har også fått konsekvensar for eit transportselskap på Ganddal i Sandnes. Lunde termotransport, som ikkje har noko med Lunde-gruppa å gjera, har måtte byta namn.
– Både tilsette og leverandørar har den siste tida vore engestelege for at ting skal stoppa opp som følge av det som har skjedd. Derfor har me skifta namn til Nortemp Transport, seier dagleg leiar i Nortem-gruppa, Terje Ree.
Namnebyte til ein million kroner
Han har i det siste brukt tid og krefter på å informera kundar, leverandørar og tilsette om at dei ikkje har noko med det konkursramma selskapet å gjera.
– Me har opplevd at Fjord1 har nekta oss kreditt fordi dei trur me er ein del av Lunde-gruppa. Det er forståeleg, men har ført til at me har vore nøydde til å oppklara eigarforhaldet.
Men namneskiftet kostar pengar. Berre namnebyte på bilane har ein prislapp på over ein million kroner.