Vedtaket blir gjort trass i at 27.000 har skrive under protestlister mot innføring av bompengar.
Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Astrid Furumo, seier den massive protesten ikkje gjev grunn til å stansa planane om bomring i byen.
- Det er einvegs innkreving vi kjem til å gå for. To bommar nord i byen og to bommar i sør, og at sentrumskjerna ikkje vert for omringa av bomstasjonar, seier Furumo.
Heller ikkje ordførar Petter Steen frå Høgre snur av underskriftene.
- Grunnen til at vi går inn for bompengering er at alternativet er så mykje verre. Då har ein som folkevald eit ansvar for å ta konsekvensen av det, sjølv om det ikkje er populært, seier Steen.
I morgon skal kommunestyret i Karmøy i eit ekstramøte ta stilling til plassering av bomstasjonar i Karmøy.