Hopp til innhold

Innrømmer at han står bak drapshandlingane på sambuaren

Mannen som er sikta for drap på sambuaren sin i Haugesund natt til første nyttårsdag, har i nye avhøyr med politiet forklart at han står bak drapet.

haugesund

Den sikta sette fyr på huset etter han hadde drepe sambuaren. Det var brannmannskap som fann avdøde då dei kom til huset som stod i full fyr, natt til første nyttårsdag.

Foto: Elizabeth Huanca Vold / NRK

Sikta har ikkje formelt tatt stilling til spørsmålet om skyld.

Mannen har tidlegare innrømt at han var involvert i hendinga, men han har ikkje erkjent straffskyld opp mot drapet.

– Han gav i starten av avhøyret i dag uttrykk for at han ville endra forklaring, og har no forklart at han står bak drapshandlinga mot sambuaren. Sikta har tidlegare forklart at han handla i nødverje og at hendinga var eit uhell, men dette har han no gått vekk ifrå, seier påtaleansvarleg Marte Engesli Lysaker.

Frå pressekonferansen i Haugesund

Sikta har no forklart seg detaljert om hendinga. Ifølge sikta var det ein krangel mellom han og avdøde før drapet.

– Korleis han stiller seg til spørsmålet om straffeskyld, samt eventuelt motiv for handlinga, vil bli tema for vidare avhøyr, seier Lysaker.

Den midlertidige obduksjonsrapporten etter drapet på 49-åringen visar at ho døde av stikkskadar. Etter det NRK får opplyst, hadde kvinna tydelege skader i halsen då brannvesenet fann ho.

Frigjev namnet

Avdøde er 49 år gamle Anne Kari Bjelland. Namnet er frigjeven i samråd med dei pårørande, sjølv om formell identifisering ikkje er gjennomført. Bjelland har tre barn, der eitt er mindreårig. Barna er Bjelland og den sikta sine felles barn.

 Anne Kari Bjelland

Avdøde Anne Kari Bjelland.

– Søskena er i ein situasjon der mor er død, far er i fengsel og huset er totalskadd etter brann. Dei står på bar bakke, seier bistandsadvokat Benedicte Storhaug, som representerer avdøde og dei tre barna.

Innsamlingsaksjon

Mange har vist at dei bryr seg om dei tre søskena som har mista alt. Fleire innsamlingsaksjonar er sett i gang. Til no er over 500.000 kroner samla inn, i tillegg til klede og andre ting dei har behov for.

Samler inn penger

Mange vil hjelpa søskena som har mista alt dei eige.

Foto: Skjermdump frå spelis.no

– Dei er glade og takknemlege for dette, og kjenner på at dei er omgitt av varme. Forsikringskrav og erstatning ligg langt framme i tid, og dei har behov for ein del ting umiddelbart. Difor er innsamlingsaksjonane veldig positive, seier Storhaug.

Flere nyheter fra Rogaland