Innbrot på sykkellager i Sandnes

Eit sykkellager på Lura i Sandnes blei brote inn i i natt, melder Sør-Vest politidistrikt. Det er førebels ukjent kva som er stole, men politiet har sikra spor på staden, og vil etterforske saka vidare.