Hopp til innhold

Ingen spor etter pantemillionæren

Tenk deg å vinna ein million kroner på pantelotteri, utan å vita om det. Det har skjedd i bygda Skånevik i Sunnhordland.

Kven er pantemillionæren?

VIDEO: Pantelotteriet ber dei som kan bevisa at dei er rett vinnar av det store beløpet om å ta kontakt.

Førre veke går ein person inn i Spar-butikken i Skånevik og pantar flasker. Vedkommande trykker på Røde Kors-knappen som betyr at ein er med på pantelotteriet.

Men i motsetnad til det som vanlegvis skjer, vinn denne personen ein million kroner.

Problemet er berre at vinnaren går vidare, mest sannsynleg utan å ha oppdaga noko som helst.

Trur ikkje vinnaren melder seg

Dagleg leiar i Pantelotteriet, Gaute Langdal, trur ikkje dei vil finna vinnaren.

– Viss det er nokon der ut som meiner dei kan bevisa at dei er rett vinnar av dette store beløpet, ber me dei ta kontakt med vår kundeservice. Men eg trur det er lite sannsynleg at det skjer, seier han til NRK.

Angelica Haga Bull-Tornøe

Angelica Haga Bull-Tornøe var på jobb då ein person trekte vinnarloddet på panteautomaten i butikken.

Foto: Thomas Halleland

Panteautomaten skal ifølge avisa Grannar, som først omtalte saka, laga ein melodi når nokon vinn. Men sjølv ikkje ho som var på jobb den aktuelle dagen har lagt merke til dette.

– Det var ingen lottolydar eller nokon ting. Det var stille og roleg på butikken og lite kundar, seier butikkmedarbeidar Angelica Haga Bull-Tornøe.

– Så du fekk ikkje med deg noko spesielt?

– Nei, eg gjorde ikkje det. Dessverre.

Skånevik-snakkis

I Skånevik har pantehistoria naturlegvis blitt ein snakkis og mange har tenkt seg ekstra godt om når dei besøkte panteautomaten sist.

– Det er kjedeleg for den som ikkje har fått det med seg, veldig kjedeleg, meiner Ingrid Stengårdsbakken.

– Det er ein tragedie for dei det gjeld, meiner Oddvin Storebø.

Pantelotteriet opplyser til NRK at gevinsten går til Røde Kors dersom dei ikkje finn den rette vinnaren.