Hopp til innhold

I Lund kommune går det så bra at dei vurderer å betale tilbake koronastøtte

Medan mange kommunar slit med koronasmitte og høg arbeidsløyse, er situasjonen stikk motsett i Lund i Rogaland.

Moi i Lund kommune

GODE TIDER: I Lund kommune går det meste godt. Det er nesten ingen koronasmitte og næringslivet blomstrar. Vindaugefabrikken Nordan på tettstaden Moi rekk ikkje levera nok varer.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

I kommunen heilt sør i Rogaland herskar den reinaste klondyke-stemninga. Arbeidsløysa er på eit rekordlågt nivå med 1,7 prosent. Berre 27 av dei drygt 3000 innbyggjarane manglar jobb.

Det er nesten ikkje koronasmitte i kommunen. Og næringslivet segler i medvind.

Ordførar Magnhild Eia (Sp) trur nesten ikkje det ho ser.

– Dette er ei gladsak frå A til Å. Næringslivet her går så det grin, seier ho.

Treng fleire folk i fabrikken

Mykje av dette skyldas et næringsliv der byggevarebransjen er den viktigaste. Nordmenn har nytta pandemien til å pusse opp heime, og det merker hjørnesteinsbedrifta Nordan på Moi.

– Her er det stor pågang og stor etterspørsel, seier Knut Petter Netland, som er sjef for vindaugefabrikken.

Knut Petter Netland i NorDan.

Knut Petter Netland i Nordan.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Og det som er godt nytt for Nordan, er ofte godt nytt for heile kommunen.

– Nå må vi ha meir arbeidskraft for å dekkje etterspørselen, seier Netland, som er mildt sagt overraska over situasjonen.

– Det var ikkje dette vi rekna med da vi trakk ned teppet for eitt år sidan og etablerte krisestabar. Det har blitt ein heilt anna kvardag.

Må kanskje betale tilbake

Næringslivet i Lund kommune består av lite uteliv og turisme. Det kan forklara at dei er lite ramma av dei negative følgjene av korona, seier regiondirektør Tone Grindland i NHO Rogaland.

– Reiselivet slit, medan byggevarebransjen går bra. Nordan og Lund er i ein posisjon der dei kan vere i full aktivitet og halde folk i arbeid, seier ho.

Magnhild Eia, ordførar i Lund

Magnhild Eia (Sp), ordførar i Lund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Ordførar Eia har hamna i den noko uvande situasjonen at ingen bedrifter treng dei statlege koronamidla.

– Vi kan rett og slett komma dit at vi må betale tilbake noko av potten. Vi skjønner ikkje kven som skal søke om desse midla, seier ho.

Tone Grindland, regiondirektør NHO Rogaland

Regiondirektør Tone Grindland i NHO Rogaland.

Foto: Marie Håland / NRK

Dette er unikt, meiner Grindland i NHO.

– Dei fleste kommunane er anten i gang med å betale ut støtte eller dei skal begynne å behandle søknader, seier ho.

Litt meir optimisme i Rogaland

Den nyaste medlemsundersøkinga til NHO viser at det går litt betre med bedrifter i Rogaland enn elles i landet. I Rogaland er dei også litt meir optimistiske enn elles i landet.

– Ingen andre regionar har så gode tal. Vi er vant med at det går litt opp og ned her, og at vi alltid kjem oss igjennom det, seier Grindland.

NorDans fabrikk i Moi.

Nordan på Moi i Lund lagar vindauge og dører. Her treng dei fleire folk for å få drifta til å gå rundt.

Ho er glad for å høyre at det går godt i Lund.

– Det er fleire kommunar der det går godt. Men det er stor skilnad, og det er dette spriket som er vanskeleg å handtera.